Mål
Kulturopplevingar skal vera ein del av kvardagen til eldre og personar med bistandsbehov i Stord kommune.
Eldre og personar med bistandsbehov skal oppleva kunst og kultur på eit høgt profesjonelt nivå fleire gonger i året. Dette kan vera innan musikk, scenekunst, litteratur, visuell kunst, biletkunst/kunsthandverk og kulturhistorie.
Målgruppe
Alle eldre i Stord kommune. Rørslehemma som bur på eldresentra får tilbod på institusjonane.
Organisering/koordinering
Realisering og utvikling av den kulturelle spaserstokken skjer i eit nært samarbeid mellom omsorgssektoren og Kulturtenester.
- Ein representant frå eininga Kulturtenester og ein representant frå omsorgstenestene samarbeider om koordineringsansvaret.
Arrangementa er finansiert av statleg/ fylkeskommunal tilskotsordning og kommunal finansiering.
Skjema for tilbod til den kulturelle spaserstokken
Her finn du skjema for tilbod til den kulturelle spaserstokken i Stord.
Dette skjemaet skal nyttast for dei som ynskjer å gje tilbod om kunstnarlege tilbod gjennom den kulturelle spaserstokken i Stord kommune. Tilboda vil bli vurderte ein gong i året då det følgjer Vestland fylkeskommune sin frist, Stord kommune leverer inn felles søknad til fylket si søknadsordning med frist 1 juni. Tilbod leverte til Stord kommune innan 15. mai vil bli vurderte for påfølgjande år. Tilbod som kjem inn etter dette vil bli vurderte for året etter (Døme: Tilbod levert innan 15. mai 2021 blir vurdert for 2022, tilbod levert etter 15. mai 2021 blir vurdert for 2023).