Kva kan rettast eller endrast?

Du kan krevja å få retta, endra eller få tilførd opplysningar i matrikkelen. Dette gjeld:

  • feil og manglar ved eksisterande grenser
  • feil og manglar ved opplysningar om bygningane på eigedomen din

Det er ulike framgangsmåtar om du ber om å få retta opplysningar om grenser eller bygningar. På denne sida finn du informasjon om begge.

Norgeskart kan du sjå kva som er registrert på eigendomen din. Eller dette kartet: Stordkart

Les også om Feil grenser i eiendomskartet | Kartverket.no

Kven kan senda inn krav om retting?

Du som part eller eigar, kan senda inn krav om retting av eigedomsopplysningar i matrikkelen.

Dersom det er behov, kan kommunen og/eller Kartverket på eige tiltak retta eigedomsopplysningar i matrikkelen.

Fleire spørsmål om matrikkelen

Kva er matrikkelen? Kvifor ligg ikkje min eigedom med grenser i kartet?

Matrikkelkartet gjenspeglar historikken på alle eigedomar gjennom tidene. Me har eigedomar som er frådelt på 1700-tallet og me har eigedomar som er frådelt i dag.

Måleteknikken har utvikla seg frå skrittlengder/alen til GPS-koordinatar. Det er derfor stor variasjon på kvaliteten på eigedomane som ligger i kartet. Nokre eigedomar ligg med heilt nøyaktige grenser, andre ligg med usikre grenser. Nokon eigedomar er registrert kunn med ein sirkel, og nokon få eigedomar og eigedomsteigar ligg ikkje inne i kartet i det heile. Nøyaktigheita på grensene vil derfor variera i forhold til korleis og kva tid grensene har oppstått.

Kan eg stola på opplysningane som ligg i matrikkelen?

Det varierer kor gode eigedomsdata er for den enkelte eigedom. Det vil sei at det føreligg ein god del feil og manglar. Ein komplett og feilfri matrikkel får me ikkje før alle eigedomar er oppmålt med god nøyaktigheit.

Matrikkelkartet er truverdig for eigedomar som er oppretta, endra eller oppmålt på nytt etter matrikkellovas regler. Det vil sei at ein kan stola på eigedomsgrenser der det er vore halde ein formell oppmålingsforretning etter 01.01.2010. For eigedomar som er oppmålt før 2010, er det målebrev, skylddelingar og dommar, samt eventuelle grensemerke i marka, som bestemmer eigedomens grenser, ikkje matrikkelkartet. Men likevel finnes det ein god del av disse eldre eigedomane som er oppmålt etter godkjent standard, og som ligg rett i kartet.

Kven er ansvarleg for at det ligg rette opplysningar i matrikkelen?

Det er i utgangspunktet du som eigar av eigedomen som er ansvarleg for at det ligg rette opplysningar i matrikkelen. Eigedomsretten gir deg alle rettar til å bruka og råda over eigedomen, unnateke der det ved lov er bestemt noko anna. Eit eksempel kan vera plan- og bygningslova som set rammer for din moglegheit til å byggja på eigedomen.

Kommunen kan i utgangspunktet ikkje setja krav til deg som eigar om at du må måla opp eigedomen din på nytt, slik at me kan leggja eigedomsgrensene inn i kartet. I nokre plan- og byggjesaker vil du likevel kunna få pålegg om å måla opp usikre grenser dersom det er behov for avklaringar og for å kunna behandla søknaden.

Kommunen er uansett plikta til å gjennomføra oppretting av nye eigedomar og oppmåling dersom du søkjer og har fått løyve til dette. I samsvar med matrikkellova, skal oppmåling og frådeling vera ei gebyrbelagt teneste. Gebyra vert fastsett av kommunestyret.

Vilkår

Du kan krevja retting av feil og manglar med eksisterande grenser dersom

  • du har dokumentasjon
  • naboen ikkje har motstridande dokumentasjon
  • det er teknisk mogleg å retta matrikkelkartet utan at ein landmålar må ut i marka for å måla, sjå matrikkelloven §26

Kva kostar tenesta?

Retting av eigedomsinformasjon i matrikkelen er ein gebyrfri teneste.

Retting av feil og manglar med eksisterande grenser

Du kan be om retting på fleire måtar:

  1. Retting av eigedomsgrenser ut frå dokumentasjon
  2. Du kan inngå avtale med naboen når det ikkje finnes dokumentasjon

Du kan ikkje be om retting

  • av eigedomsgrenser som tidlegare er oppmålt med godkjente koordinatar. Då må du rekvirera ny oppmålingsforretning
  • når det er tvist om forholda. Då bør du få avklart grenseforløpet ved domstolane, anten jordskifteretten eller tingretten.  https://www.domstol.no/ 
     

1. Retting av eigedomsgrenser ut frå dokumentasjon

Me rettar matrikkelkartet eller avslår krav om retting ut frå den dokumentasjonen som du sender inn.

Gyldig dokumentasjon kan vera

  • målebrev
  • skylddeling
  • domsslutning eller liknande

Privatrettslege avtalar som er inngått mellom f. eks. to naboar, er ikkje dokumentasjon som me kan leggja til grunn. Me kan heller ikkje retta arealendringar som har oppstått over lang tid, og som ikkje er registrert gjennomført etter gjeldande lovverk.

Slik søkjer du

Du sender inn krav om retting av matrikkelen i form av eit brev, sendt til post@stord.kommune.no 

Brevet må innehalde informasjon om

  • eigar- og festarforhold
  • eigedomens matrikkelnummer (gardsnummer/bruksnummer) og evt. adresse
  • kva du meiner er feil, og kva du meiner er rett – helst illustrert på eit kart
  • eventuell anna informasjon som er relevant for saka
  • husk å leggja ved gyldig dokumentasjon

Når me får inn eit krav om retting av eigedomsgrenser i matrikkelen, vil me vurdera om det føreligg tilstrekkeleg med dokumentasjon for å kunna retta matrikkelen.


2. Du kan inngå avtale med naboen når det ikkje føreligg dokumentasjon

Du kan inngå avtale om eksisterande grenser med nabo, når grensene ikkje tidlegare er fastsett i oppmålingsforretning eller tilsvarande forretning jf. Matrikkelloven §19 og matrikkelforskrifta §44.

Slik søkjer du

Du sender inn ein avtale om eksisterande grenser. Avtalen må innehalda:

  • eigar- og festerforhold (partane)
  • eigedomens matrikkelnummer (gardsnummer/bruksnummer) og evt. adresse
  • kart som viser grensene, samt ein beskriving av grenseforløpet
  • det må bekreftast at avtalen gjeld eksisterande grenser
  • dato og underskrift frå alle eigarane 

Dersom du sender inn avtale om eksisterande grenser, vil me vurdera om grenseavtalen kan vera gyldig etter matrikkellovas reglar. Finn me at me kan retta matrikkelen, vil du få eit brev om at eigedomsgrensene er retta i matrikkelen, med klagefrist på 3 veker.

Dersom det finnes dokumentasjon som beskriv eigedomsgrensene på ein anna måte enn det som er beskrive i avtalen, vil du få avslag om matrikkelføring. Du vil då få brev med informasjon om eksisterande dokumentasjon og om kva du må gjera for å få eigedomsgrensene i matrikkelen endra. I brevet vil du og få informasjon om klagefrist.

Du kan senda inn krav om retting av matrikkelen i form av eit brev, som kan sendast til RBO, pb 304, 5401 Stord eller på e-post til post@stord.kommune.no 

Fleire spørsmål om eigedomsgrenser

Kva konsekvensar har det for meg at eigedomsgrensene ikkje ligg rett i kartet?

Det at eigedomsgrensene til ein eldre eigedom ikkje ligg i kartet eller ikkje ligg rett i kartet, har ikkje betydning for eigedomens grenser i verkelegheita. Det medfører heller ingen juridiske konsekvensar for din eigedom eller dine eigedomsrettar.

Dersom eigedomsinformasjon frå matrikkelen blir brukt ukritisk av offentlege mynde eller private aktørar, kan det vera slik at ein får ut feil data dersom det ligg feil opplysningar i matrikkelen. I nokre tilfelle kan dette få konsekvensar for deg, og då må du kanskje ta jobben med å dokumentera at opplysningane er feil eller mangelfulle.

Retting av feil eller manglar som gjeld bygg

Du kan krevja å få retta, endra eller å få tilførd opplysningar i matrikkelen som gjeld bygg på eigedomen din. Dette er aktuelt dersom opplysningane i matrikkelen er feil eller ufullstendige, eller grunnlaget for registrering ikkje lenger er til stades.

Det kan for eksempel vera at

  • eigedomen er registrert med ein einebustad i matrikkelen, men at den faktisk består av ein tomannsbustad
  • arealopplysningane er feil eller mangelfulle

Me rettar matrikkelen eller avslår krav om retting ut frå den dokumentasjonen du sender inn.

Eksempel på gyldig dokumentasjon kan vera:

  • godkjente bygningsteikningar (plan- /snitt-teikningar)
  • tidlegare vedtak
  • bilder/fotografi

Opplysningar om kva du betaler i kommunale avgifter er ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon.

Slik søkjer du

Du sender inn krav om retting av matrikkelen i form av et brev, som sendes til post@stord.kommune.no 

Kor lengje må eg venta til saka er ferdig handsama?

Sakshandsamingstida skal i utgangspunktet vera innan 6 veker, men du må rekna med at det kan variera i forhold til kompleksitet, innhenting av dokumentasjon og kapasitet i sakshandsaminga.

Kan eg klaga?

Klagefristen er tre veker frå det tidspunktet du har motteke melding om matrikkelføring eller avslag om retting av matrikkelen.

Du sender skriftleg klage til kommunen. Dersom kommunen opprettheld sin avgjersle, vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland som treff endeleg vedtak i saka.