Den enkelte abonnent har ansvar for å halda eigne stikkleidningar i orden, og skal også sjå til at det ikkje kjem miljøfarleg avfall eller anna stoff i leidningsnettet som kan hindra ei effektiv reinsing i samsvar med gjeldande miljøkrav. Sjå eige sanitærreglement

Bruk ikkje avløpsnettet som søppelbøtte

Vi ber alle om å ikkje bruka avløpet til å kvitta seg med måling, kjemikaliar eller olje. I spillvassrøyret skal det berre gå vatn frå sluk, vask og sanitærinstallasjonar inne i huset. Regnvatn går i eige overvassrøyr og blir sleppt ut i nærliggjande bekk, elv eller sjø. I enkelte område med gammal bebyggelse går spillvatn og overvatn i eit felles avløpssystem.

  • Spesialavfall som olje og oljeprodukt, løysemiddel, tynner, maling/beis, hobbykjemikaliar som fotovæske, fargestoff og kontaktlim skal ikkje hellast i vasken eller i toalettet. Spesialavfall skal samlast opp og leverast på miljøstasjonen i ditt nærområde.
     
  • Søppel som Q-tips, bind, bleier, bomull, klutar, pussegarn m.m. skal ikkje kastast i toalettet, men i søppeldunken.
     
  • Tørkepapir må ikkje i toalettet, då det ikkje løyser seg opp og skapar problem på pumpestasjonane. Kast tørkepapir i søppeldunken.