Informasjon om kulturstipendet

Heile summen kan gjevast til ein person, eller delast. Føresetnaden for stipendet er at det til ei kvar tid vert stilt pengar til disposisjon på budsjettet. Det er Komité for næring, miljø og kultur som deler ut stipendet. Stipendet vert delt ut samstundes som kulturpris og målpris ved Stord musikklag sin årlege nyttårskonsert i januar.

Stipendet kan søkjast til bestemte arbeidsoppgåver, til studiereiser og til utdanning. Komiteen for næring, miljø og kultur kan og tildela stipend på eige initiativ og/eller etter framlegg frå andre.

Komiteen for næring, miljø og kultur kunngjer søknadsfristen i lokalpressa og under "Kunngjeringar" på denne nettstaden.

Stipendiaten sender ei kort melding til komiteen om korleis stipendet er nytta.

Fyll ut det elektroniske skjemaet under, last opp alle aktuelle vedlegg og trykk Send skjema.

Når du har sendt søknaden vil du få ein e-post med kopi av det du har skrive i søknaden. Om du ikkje skulle få ein slik e-post, kan det vera at det er er ein feil i e-postadressa du har oppgitt  eller at du kan ha gjort ein annan feil i utfyllinga. Det er difor viktig at du oppgjev korrekt e-postadresse og at du er nøye med utfyllinga. Om du likevel får problem kan du melda slike her. Her kan du også melda ev. andre feil du finn i skjemaet.

Velkomen med søknad!

Tidlegare mottakarar av kulturstipend

1982 - Toralf Lunestad
1983 - Aud Lavik og Annik Malterud
1984 - Torleiv Agdestein
1985 - Geir Atle Stangenes
1986 - Reidun Hagenes
1987 - Magne Kjellesvik og Sissel Tolaas
1988 - Madli Martens og Odd Resser
1989 - Atle Hansen og Turid Vikene
1990 - Åge Østrem og Asle Wirum Olsen
1991 - Monica Herstad
1992 - Eivind Gullberg Jensen
1993 - Jan Magne Olsen
1994 - Hans Willoch Bræin
1995 - Maria Malmsten Steinkopf
1996 - Ole Jacob Hystad og Magne T. Gravdal
1997 - Turid Vikene
1998 - Per Flatøy og Alise Jonassen
1999 - Magnus Martens
2000 - Ole Jacob Helland og Marit Tislevoll Odland
2001 - Øyvind Hjelmen og Åsmund Espeland
2002 - Jakob Klippen og Ragnhild Kambo Grov
2003 - Aleksander Stokke Vallestad
2004 - Håkon Steinar Vatle
2005 - Severin Eskeland
2006 - Ingebjørg Bruket
2007 - Koret Festivo
2008 - Inga Søreide og Ingjerd M. Hjelmeland
2009 - Anni Valentina Presthus
2010 - Vidar Hope og Olaug Spissøy Kyvik
2011 - «Øyo» v/ Alf Aronsen
2012 - Ikkje tildelt
2013 - Johanne Engevik Olsen
2014 - Hanne Marthe Alvsvåg Kommedal
2015 - Tom Stien og Solveig Aksnes
2016 - Brita Grov og Per Tore Barmen
2017 - Tiril Eirunn Einarsdotter og Jan Anders Presthus

Søknadsskjema for søknad om kulturstipend