Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Omsorgsstønad

Omsorgslønn er ei lønn frå kommunen til deg dersom du utfører omsorgsarbeid som kommunen elles ville gjort.

Generelt

Omsorgsstønad inngår i kommunen sitt samla pleie- og omsorgstilbod, og skal åleine eller saman med andre hjelpetiltak gi brukaren eit tilfredsstillande omsorgstilbod. Ordninga skal gi ei godgjering til dei som utfører privat pleie og omsorgsarbeid for nærståande, og leggja til rette for at omsorgsarbeidet skal kunne halda fram.

Tenesteomtale

Har du eit særleg tyngjande omsorgsarbeid, og utfører oppgåver som elles måtte blitt utført av kommunen, kan du søkja om omsorgsstønad. Omsorgsstønad skal gi deg ein viss økonomisk kompensasjon for det omsorgsarbeidet du utfører. Det tek ikkje sikte på å gi løn time for time for det arbeidet du utfører. Kommunen avgjer om du får omsorgsstønad, og kva nivå timetalet skal liggje på. Omsorgsstønaden vert utbetalt etterskotsvis som ei fast godgjersle kvar månad.

Kriterium/vilkår

Du må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Mellom dei momenta som kan takast med i vurderinga, er

  • om du arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg
  • om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesvevnen
  • om arbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid

Lover

Kommunen pliktar å sørgja for denne tenesta. Det vil seia at kommunen har plikt til å løyva pengar til omsorgsstønad på budsjettet. På den andre sida vil ikkje den enkelte omsorgsytaren ha nokon automatisk rett til å få omsorgsstønad. Sjå helse- og omsorgstenestelova § 3-6 Omsorgsstønad.

Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan kontakta kommunen for å få hjelp til å søkja om omsorgsstønad. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan søkja om omsorgsstønad.

Saksbehandling

Kommunen skal innhenta dei opplysningane som er nødvendige for å avgjera saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å venda deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal handsama saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein forventar at det vil bli gjort eit vedtak i saka.

Høve til å klage

Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande kan klaga på avgjerda. Du kan klaga innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du venda deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Tenesta oppdatert: 26.03.2024 14:13