I kartløysinga nedanfor kan du finna reguleringsplanar og kommuneplan. I tillegg kan du gå direkte i planregisteret og søkja på plannummer (planID) eller plannamn.

Stordkart er ei kartløysing for innbyggjarar i Stord kommune og inkluderer både planar og diverse temadata.

Planregister er eit register over planar i Stord kommune

Korleis finna planstatus for eigedomen din i kartløysingane

  1. Trykk på lenke til Planregister
  2. Vel kommune
  3. Søk så på gnr/bnr (døme: 44/428), eller på adresse i søkefeltet. Det vil komme opp liste under søkefelt med dei planar som gjeld for eigedomen.
  4. Trykk på plan i liste for å få tilgang til plandokument, og for å få opp kartvindauge som viser eigedomen din med aktuell plan.
  5. For å sjå neste plan i lista som gjeld for eigedomen, trykk på "til plansøk" og vel neste plan i lista. Gjenta frå pkt. 4
  6. Om kartvindu: for å få nærare informasjon om kva føremål og t.d. omsynssoner som gjeld for eigedomen, trykk i kartvindauge. Det visast då til høgre informasjon om planen og detaljar om reguleringsføremål som i bilete under.

    Om kartvindu

NB. Kommunen har framleis nokre reguleringsplanar som ikkje er digitalisert men som ligg som ei bildefil i kartløysinga. Det vil seie at ein ikkje vil få opp detaljert informasjon om kva føremål som gjeld for eigedomen din. Informasjon om reguleringsføremål må då lesast ut frå pdf filer av plankart og bestemmelser som ligg i planregisteret under plandokument. 

Last ned rettleiinga for å finna planstatus for eigedomen din i pdf her