Lån av hjelpemiddel frå kommunalt hjelpemiddellager

Ved kortvarig behov for hjelpemiddel som td rullestol, toalettstol/dusjstol, rullator, støttestang, toalettforhøgar m.m tek du kontakt med Fellestenester på tlf 53 49 66 00.

Du kan og formidle behov for hjelpemiddel via tenester du allereie mottar, til dømes heimebaserte tenester.

Du kan og søke via 

Hjelpemiddel klargjort til utlån kan hentast alle vekedagar mellom kl. 08.00 og 15.00 i utleveringsrom i 1.etg. på rehabiliteringssenteret, følg skilt til eige rom for utleveringsklare hjelpemiddel. Dersom du ikkje finn hjelpemiddelet du skal hente: ta kontakt med servicetenesta på telefon: 908 02 638 eller 975 52 230 måndag, onsdag og fredag mellom kl. 08.00-12.00.

Me oppmodar alle som låner hjelpemiddel til å hente sjølv (evt pårørande eller andre i nettverket). Dersom du ikkje kan hente eller levere hjelpemiddelet, kan det avtalast transport.

Lån av hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral

Alle som har varig behov (over 2 år) for hjelpemiddel kan søkje om å låne frå  NAV Hjelpemiddelsentral .

Dei heimebaserte tenestene, fysio- og ergoterapitenesta, kommunale institusjonar og bustadar kan bistå i vurdering av behov og i søknadsprosessen. 

Hjelpemiddel frå NAV blir levert til felles utleveringsstad i Stord Kommunale Rehabiliteringssenter. Du vil få melding om at hjelpemiddel er kome. Me oppmodar til å hente hjelpemiddel sjølv.

Ved behov for utkøyring vil den som har bistått med søknaden avtale utkøyring med deg.

Innlevering av hjelpemiddel

Når du ikkje har behov for hjelpemiddelet skal det leverast attende så snart som mogleg. Hjelpemiddel skal leverast i 1 etg. på rehabiliteringssenteret, følg skilt til merka sone for innlevering. 

Hjelpemiddelet skal reingjerast før innlevering.

Nokre hjelpmiddel består av fleire delar. Hugs å få med alle delar. 

Følg instruks på oppslag ved innleveringssona for rett merking av hjelpemiddelet.

Dersom du eller pårørande ikkje har anledning til å levere tilbake hjelpemiddel kan det avtalast transport ved å ta kontakt med servicetenesta på telefon: 908 02 638 eller 975 52 230 måndag, onsdag og fredag mellom kl 08.00-12.00 eller Fellestenester på telefon 53 49 66 00.

Eigenbetaling ved lån og transport av hjelpemiddel

Lån og transport av hjelpemiddel frå Kommunalt hjelpemiddellager vert fakturert etter gjeldande satsar

EIGENBETALINGFRITAK
Lån av hjelpemiddel frå kommunalt hjelpemiddellager inntil 2 år.
  • Hjelpemiddel som vert lånt av hensyn til tilsette
  • Ved lån av hjelpemiddel frå kommunalt lager i påvente av hjelpemiddel frå NAV
  • Born og unge under 18 år
  • Lån av hjelpemiddel frå NAV er gratis

Serviceoppdrag som montering/demontering vert fakturert per påbyrja time.

Serviceoppdrag ved flytting mellom heim og kommunal bustad eller institusjon vert fakturert for 2 timar.

Montering/demontering/flytting av sjukehusseng, elektrisk hjartebrett, støttestang, komfortrullestol, preikestol, personløftar og gripostang

 

Transport av kommunale hjelpemiddel.
  • Transport ved utlevering/innlevering av sjukehusseng, elektrisk hjartebrett, støttestang, komfortrullestol, preikestol, personløftar og gripostang
  • Transport av hjelpemiddel frå NAV er gratis

Kjøp av handtak (stykkpris).

Montering av handtak vert fakturert per time.

Å kjøpe og montere handtak privat er eit alternativ som ikkje genererer eigenbetaling. Handtak kan kjøpast på td Biltema eller i andre jernvarebutikkar
OVERSIKT OVER EIGENBETALING OG FRITAK

 

Småhjelpemiddel som strømpepåtrekkar, gripetang, krykker m.m

Mindre hjelpemiddel som strømpepåtrekkar, gripetang, krykker og forhøgningsklossar til seng/stol må du kjøpe sjølv.  Apotek, helsebutikkar, nettbutikkar og butikkar med større utval td Sparkjøp sel ulike småhjelpemiddel.