I eininga har me ansvar for rehabiliteringstenestene til kommunen. Dagrehabilitering og heimerehabilitering er to av rehabiliteringstilboda me driv. Fysio- og ergoterapitenesta er organisert i eininga med kommunalt tilsette ergo- og fysioterapeutar. I eininga har me tilbod om varmtvassbasseng og treningslokale som me nyttar til individuell oppfølging og ulike gruppetilbod. Servicetenesta har ansvar for kommunalt hjelpemiddellager, og logistikk av hjelpemiddel til og frå NAV hjelpemiddelsentral. Eininga har òg ansvar for transport av brukarar til og frå Sæbø gard.  

Overordna mål for tenestene i Eining for aktivitet og re/habilitering

  • Fleire er sjølvstendige og aktive i heim, arbeid, skule, barnehage og fritid.
  • Me er brukarorienterte og  legg til rette for at den enkelte får brukt sine fysiske og psykiske ressursar
  • ​Fleire bur trygt og lenge heime der ein har føresetnader for å ta ansvar og gode val for eige liv 
  • Me skal, saman med brukar, utvikle  framtidsretta tenester
  • Me skal spørje om «Kva som er viktig for deg?» når det gjeld behandling, omsorg og iverksetjing av rette tiltak for å møta  brukar og pårørande sine behov
  • Me skal bidra til å utvikla heilhetlige pasientforløp og styrka brukaren si oppleving av meistring og involvering
  • Me tilbyr god kvalitet på tenestene innafor gitte rammer
  • I Eining for aktivitet og re-/habilitering har me eit trygt, positivt, ivaretakande og opent arbeidsmiljø
  • Me viser kvarandre respekt og gjev kvarandre konkrete attendemeldingar
  • Me skal vera ein kunnskapsorganisasjon som legg til rette for læring og kompetanseauke i det daglege arbeidet
  • Me gjev nytilsette og personar under utdanning gode læresituasjonar og fagleg rettleiing av høg standard