Gjestehamn-foto-Stord-hamnestell copy.jpg

Hamnestellet sitt hovudansvarsområde er å leggja forholda til rette for sjøgåande trafikk i hamna og hamnedistriktet. Ein registrerer og overvåker båttrafikken for bl.a. å kunna føra statistikk over anløp og gods som blir lasta/lossa over kaiane i hamnedistriktet.

Hamnestellet får alle sine inntekter gjennom utleige og avgifter.

Døgnopen vakttelefon: 53 49 67 66.

Til vakttelefonen kan ein ringja dersom ein får problem av maritim art, og hamnevakta skal kunna assistera. Ein kan også ringja hamnestellet sin vakttelefon om ein oppdagar akutt forureining i sjø. I slike tilfelle vil hamnevakta formidla kontakt vidare til rette instans.

Tenester

Her finn du tenestene våre