Treng du rettleiing i samband med etablering av verksemd, kan du venda deg til Atheno eller Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er regionrådet for kommunane Austevoll, Bømlo, Fijtar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Føremålet med selskapet er interkommunalt samarbeid med særleg vekt på ulike typar tiltaksarbeid og utviklingsarbeid.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland har hatt ansvar for å forvalte Etablerarfondet for Sunnhordland. Her har gründerar kunna søkt midlar til oppstartsfasen av etableringa.

Det er diverre ikkje sett av midlar hos Vestland fylkeskommune til etablerarfond for 2021, men ein vonar ordninga trer i kraft igjen frå 2022.

www.samarbeidsraadet-sunnhordland.no

Atheno

Atheno AS er Stord kommune sin samarbeidspartnar innan næring. Atheno skal fremja ein unik kultur for nyskaping i Sunnhordland, og legge til rette for auka innovasjon og verdiskaping i nye og eksisterande bedrifter i regionen.

Forretningsutvikling

I Atheno arbeider ein med forretningsutvikling knytt til selskap i etableringsfasa, unge bedrifter og etablerte bedrifter. Atheno sine tilsette har lang erfaring i å rådgje bedrifter for å sikre trygg og god drift. Atheno spelar også på lag med andre aktørar i virkemiddelapparatet for å kunne gje kvar einskild bedrift best mogleg oppfølging og rådgjeving. Ta kontakt om du ynskjer ein uforpliktande samtale knytt til forretningsutvikling for di bedrift.

Atheno canvasprosess

For alle som driv eller skal drive ei bedrift er det viktig med god oversikt. Ved å arbeide målretta med Business Model Canvas får ein nettopp det. Dei tilsette i Atheno kan delta i ein slik prosess med deg. Atheno garanterer overraskingar, betre oversikt, og at det vil gjere deg og bedrifta di betre rusta til å oppnå gode resultat.

Atheno har også ansvar for førstelinjearbeidet innan næring på Bømlo, Fitjar, Sveio og Tysnes. Det at ein samlar dette arbeidet hos ein aktør gir gode synergiar på kompetanse og nettverk som kjem etablerarar og gründerar til gode.

Workshop

I Atheno har ein lang erfaring med å skreddarsy workshops for kundane sine behov og målsetnader. Felles er at ein nyttar kreative metodar for å avklare mål, skape nye idear og motivasjon for vidare strategiarbeid.

Atheno har dei siste åra gjennomført workshops for avdelingar i store nasjonale konsern, festivalar, reiselivsbedrifter, gründerbedrifter og nettverksorganisasjonar i den maritime næringa for å nemna noko.

Atheno skreddarsyr gjerne ein workshop for deg og di bedrift om du ynskjer det!

For meir informasjon sjå www.atheno.no 

Invest in Sunnhordland

Invest In Sunnhordland er etablert for deg som ønsker å etablere deg i en av Norges mest innovative regionar. Dei gir deg og ditt initiativ nødvendig og relevant informasjon om regionen og tilgjengelege område, og dei sett av tid til å kartleggja kva du treng. Dersom dei ser potensial og moglegheiter, brukar dei deira omfattande nettverk for å kopla deg med relevante miljø og enkeltpersonar, - arrangere møte, og akselerere prosessen. 

På nettsidene til Invest In Sunnhordland ligg det blant anna ute ein oversikt over næringsområda i kommunane Fitjar, Bømlo, Kvinnherad og Stord som gir god informasjon om kvart område: Selected Business Areas in Sunnhordland (arcgis.com)

Kontakt og utfordre dei!