Kommunen gjennomfører no vaksinasjon. Informasjon om arbeidet vil bli løpande oppdatert på denne sida. 

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunen skal tilby innbyggjarane vaksinasjon. 

Til lokal informasjon om koronavirus (smittetal, lokale oppmodingar, bestilling av koronatest m.m.).

Tal vaksinerte

Veke Totalt tal koronavaksinar Merknad
Veke 9 1732 678 har no fått dose 2 og er fullvaksinert
Veke 8 1486 490 personar har fått begge dosar
Veke 7 1081 291 personar
Veke 6 840 Alle aktuelle bebuarar ved sjukeheimar og omsorgsbustader er vaksinerte. Heimebaserte tenester vaksinerer vidare dei som ikkje kjem seg til vaksinestad.

 

Oppdatering per 05.03.21

Stord kommune er godt i gang med vaksineringa. Vaksinasjonsdagar kvar veke er onsdag til fredag. Vaksineringa vert utført i Bandadalsplassen 3. Fastlegekontora vert ikkje nytta til vaksinasjon. 

I veke 9 har ein sett 2. dose på fleire av dei eldste innbyggarane. I tillegg har ein fått sett 1. dose på  100 helsepersonell og nokon innbyggarar på 83 år.

I veke 10, så er det varsla levering av 90 nye dosar til innbyggarane, og då vil gruppa på 82 år få tilbod.

I veke 11 er det varsla ei større levering og me vil då ha om lag 210 dosar tilgjengeleg for aldersgruppa 80-81 år.

Den einskilde i dei aktuelle gruppene vil framleis verta kontakta på telefon når det er deira tur.

Me vil etter kvart senda SMS med timetilbod til vaksinering.

Dei prioriterte gruppene (rekkjefølgja kan verta endra) er no vidare:

Alder 75-82 år
Alder 65-74 år og samstundes personar (18-64 år) som har sjukdommar og tilstandar med høg risiko for alvorleg sjukdom ved koronasmitte
Alder 55-64 år med underliggjande sjukdom/tilstand
Alder 45-54 år med underliggjande sjukdom/tilstand
Alder 18-44 år med underliggjande sjukdom/tilstand
Alder 55-64 år
Alder 45-54 år

Det er førebels ikkje avgjort om det kjem tilbod om vaksine til friske personar i alder 18-44 år.

Om vaksineringa

Vaksinasjonsdagar i kvar veke er torsdag og fredag i Bandadalsplassen 3.

  • Vaksineringa er gratis og frivillig
  • Ein skal ha to dosar med minimum 21 dagar mellom 1. og 2. dose. Ved første dose vert det avtalt tid for 2. dose
  • Dersom dei står på blodtynnande medisin, bør ein vente med dagsdosen til etter at dei har fått vaksinen. Dette gjeld ikkje Albyl E.
  • Ein må vera frisk ved frammøte det vil sei utan luftvegssymptom, hoste eller feber.
  • Ein må ikkje ha vore i utlandet eller i kontakt med Covid positive personar siste 10 dagar.

Koronavaksine på 1-2-3 på ulike språk 

Kven får tilbod om vaksina?

Vaksinasjonsdagar i kvar veke er torsdag og fredag

Bebuarar på sjukeheim og omsorgsbustader

Her har alle fått tilbod om vaksine.

Innbyggjarar over 85 år

Alle over 85 år fekk tilbod om vaksine i veke 5 og 6. 

Innbyggjarar 75-84 år:

I neste veke (8) er det personar på 83 år som får tilbod.Vaksineringa vert no utført i Bandadalsplassen 3.

Det er usikkert kor mange vaksinar kommunen vil få kvar veke og kva tid me kan gå i gang med nye grupper. I veke 9 er det ikkje levering av vaksinar til nye i gruppe 75-84 år, men kommunen får levert vaksine som er prioritert til helsepersonell.

Den einskilde i dei aktuelle gruppene vil framleis verta kontakta på telefon når det er deira tur. Me vil etter kvart senda SMS med timetilbod når me har noko større grupper til vaksinering.

Innbyggjarar 65-74 år, og enkelte personar med høg risiko i alder 18-64 år

I denne aldersgruppa vil ein kunna møta fram etter kva månad på året ein er fødd. Detaljane om dette vert først klare når me har meir informasjon frå Folkehelseinstituttet om leveringa av vaksinane. Dei med høg risiko i alder 18-64 år vil ein få særskild melding frå kommunen om vaksine, kva tid og kvar ein skal møta.

Innbyggjarar under 64 år

Vil få meir, og særskilt informasjon, etter kvart på på denne sida og gjennom lokal media. Førebels er prioriteringa slik:

55-64 år med underliggjande sjukdom/tilstand

45-54 år med underliggjande sjukdom/tilstand

18-44 år med underliggjande sjukdom/tilstand

55-64 år

45-54 år

Det er førebels ikkje avgjort om det kjem tilbod om vaksine til friske personar i alder 18-44 år.

Sidan vaksineleveringa og kor mange dosar ein får i kvar leveranse ikkje er kjend på noverande tidspunkt kan ein ikkje informera meir eksakt. Vårt mål er at alle som møter opp til oppsett tid skal få sin vaksine, og meir eksakt informasjon kjem etter kvart som me i Stord kommune får informasjon frå sentrale mynde.

Oppmøte for vaksine

Vaksineringa går førebels føre seg på adresse Bandadalsplassen 3, i aktivitetsarealet i 1. etasje. Same bygget som husar dei nye omsorgsbustadane på Leirvik - nabobygget til NAV og Stord sjukeheim.

Det er skilta og næraste parkering er under NAV/Backertunet (betalingsautomat) og parkering framom inngangen til NAV (krev urskive).

Dersom Stord kommune får tildelt større mengder vaksine på eit seinare tidspunkt vert vaksineringa gjort i større skala på Vikahaugane, men førebels vert det på adresse Bandadalsplassen 3.

Slik tek me kontakt med deg

Me arbeider med å få eit godt system på SMS varsling og ein vil etter kvart få SMS med time til vaksinering.

Pr. no får me få dosar kvar veke, og har fram til no ringt til alle som står for tur til vaksinen då me og er i ei aldersgruppe pr no der alle ikkje har mobiltelefon.

Innbyggjarar 75-84 år:

Me vonar at vaksineleveringa vert større når me er komne til denne aldersgruppa. Det vert då annonsert på denne sida og gjennom lokale media korleis ein kan få vaksinen, kvar ein skal møta og til kva tid.