For kvar bok som blir registrert, får deltakarane XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Barna kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente fysiske premiar på biblioteket. På Sommarles kan de også få lesetips og løyse oppgåver knytte til Sommarlesforteljinga for året, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. 

For å bli med på Sommarles.no går de inn på nettsida som opnar 1. juni, og lagar ein profil til barnet. Om de treng hjelp, er det berre å spørje på biblioteket dykkar. Så er det berre å lese i veg! 

Vi håper at de vil hjelpe barna slik at dei kan delta på lesekampanjen og få gode leseopplevingar heile sommaren! Ta gjerne turen innom biblioteket dykkar for å få vite meir. 

Barna får premie når dei kjem til level 10, 20 og 30. Premiane kan ein henta på biblioteket. Premie for level 10 kan hentast frå 1. juni, level 20. frå 1. juli og level 30 frå 1. august.

Kodeorda blir hent opp i biblioteket.

God sommar med Sommarles.no!

Kilde: Infoskriv om sommarles henta frå altom.sommarles.no.