Stord brann og redning, avdeling førebygging, skal syta for feiing og tilsyn med fyringsanlegg så ofta det er behov for det. Tenesta gjeld hovudsakeleg private bustadar og fritidsbustadar med skorstein og eldstad.

Ved feiing fjernar feiaren sot og bek og reduserer dermed faren for brann i skorsteinen. Kor ofte det skal feiast, kjem an på sotmengde og kva oppvarmingssystem bustaden har. Dette gjeld óg fritidsbustadar.

Eit tilsyn omfattar informasjon om korleis du best mogleg kan ivareta brannsikkerheiten i bustaden din. Feiaren inspiserer eldstad, røykrøyr, skorstein, røykvarslarar, slukkemateriell, rømningsvegar og oppbevaring av brannfarleg vare.

Det er ditt ansvar som eigar å syta for at feiaren kjem til for å utføra jobben. Ved feiing må trekkventilar, spjeld og omnsdører vera lukka.

Feiaren går alltid uniformert og skal bera synleg ID-kort frå Stord brann og redning.

Førebyggjande tiltak kan vera alt frå befaring og tiltak mot risikoobjekt til informasjon retta mot innbyggjarane i kommunen.

Kurs og kampanjar

I løpet av året arrangerer avdelinga ei rekkje informasjonstiltak og brannvernkampanjar, samt Open brannstasjon éin dag i året. Førebyggjande avdeling held også kurs og seminar for organisasjonar, bedrifter, institusjonar, skular, barnehagar, velforeiningar og andre.

Her kan du lesa meir om feiing og tilsyn

Endring i måten ein gjennomfører tilsyn og feiing

Frå 01.01.23 har Stord brann og redning valt å endre måten ein gjennomfører tilsyn og feiing på.

 

Me har over tid prøvd å finne ei løysing som kan fungere godt for innbyggjarane i Stord og Fitjar kommune.

Når ein no får varsel om at brannførebyggjaren kjem på besøk, vil dette også vera ein arena der det vil bli vurdert behov for feiing.

Dersom ein ved besøk ser at det trengs feiing vil ein legge dette opp til den næraste ledige fredagen.

Ein vil og i lag med huseigar legge inn eit intervall for neste tilsyn og feiing.

Det vil alltid bli lagt opp til besøk på det tiltaket som har hyppigast intervall.

 

For å kunne vurdere behovet for feiing må me ha tilgang til sotluke i kjellar.

Det er ønskeleg at denne er tømt for oske før me kjem på besøk. Det er alltid viktig at sotluke blir tømt, særleg etter feiing.

 

Dersom ein har spørsmål må ein gjerne ta kontakt med ein av brannførebyggjarane;

Hildegunn Gram - 95963099 Hildegunn.gram@stord.kommune.no 

Christopher Kalve - 45519652 Christopher.Kalve@stord.kommune.no 

Børge Helland Nesbø - 97552054 Borge.helland.nesbo@stord.kommune.no 

Varsel om feiing

Me informerer deg med tekstmelding (SMS) på din telefonDenne SMS-en vil innehalde ei lenke som me vil at de tek i bruk. Er du usikker på dette og treng hjelp, kan du framleis kontakte brannvesenet slik det er beskrive i SMS-en. Denne lenka kan du enkelt opne på din Smarttelefon, eller du kan kopiera eller skrive URL’ en inn på din PC om du ønskjer det. Så vil lenka ta deg til ei plattform som blir kalla «Min Eiendom», og er ei heimeside med all informasjon om din eigedom, her vil du kunne logga deg inn og alltid vera oppdatert på blant anna status for brannførebygging på din bustad. Det viktigaste er at du kan kommunisera med oss når det passar med tilsyn, og kunne melda frå om du har følgt opp eit avvik for eksempel.

Me minnar om at det fortsatt vil vera mogleg å kontakte oss som før, men vi set stor pris på responsen frå SMS.

Skildring steg for steg

  1. Du vil få ein SMS frå «Feiaren» som er ditt brannvesen når det er tid for å utføra tilsyn på din bustad/fritidsbustad. Nr. du vil få SMS frå er 27300000220617.
  2. Opne SMS-en, les og følg skildringa. 
  3. Ved hjelp av lenka i SMS-en loggar du deg på Min Eiendom via DIFI, og her kan du bekrefta tidspunktet Feiaren skal kome på tilsyn eller feiing. Du kan også kommunisera at det ikkje passar og finna ny tid eller dato. Om du vel å bekrefta avtalen via SMS, er det viktig at du berre skriv talet 1 eller 2 (ingen tekst), for det svaret som passar.
  4. Når du har bekrefta så vil Brannvesenet få beskjed og kunne planlegga tilsyn ut i frå det som blir svara.
  5. Om du bekreftar at avtalen passar, vil du få ei påminning på SMS, 1 dag før avtala tidspunkt.
  6. Etter tilsynet er gjennomført vil du få ei ny melding som vil leie deg tilbake til Min Eiendom der du kan lesa rapporten, og følge opp eventuelle avvik eller merknadar.

Kan me nå deg?

For at denne nye løysinga vår skal kunne varsla deg med SMS, må stat og kommune ha tilgang til rette kontaktopplysningar for deg for å kunne sende deg meldingar og dokument elektronisk. Denne informasjonen blir samla i eit felles nasjonalt kontakt- og reservasjonsregister.

Her kan du logge inn for å sjekka kva som er registrert på deg og oppdatera kontaktinformasjonen din

Verksemder

Verksemder må registrera nøkkelpersonar ved å gå inn på lenka varslemeg.no. Du kan registrera så mange nummer du vil per adresse.

Geografisk varsling

Stord kommune har tatt i bruk varslingssystemet Varsling24 for å varsle innbyggjarane i eit geografisk område.

Me varslar på SMS til mobiltelefon, talemelding til fasttelefon og e-post.

Når blir systemet brukt?

Kommunen informerer innbyggjarane digitalt via SMS/talemelding/e-post ved hendingar der dette er føremålstenleg. 

Kan me nå deg?

Det finst to ulike register som vert nytta for å nå deg som innbyggjar:

  1. www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon I dette felles nasjonale kontaktregisteret anbefalar me å legga inn både mobiltelefon og e-postadresse då mange henvendingar frå det offentlege vil føregå her i fremtida. Dette på lik line med sjølvmeldinga som de kanskje er kjend med frå tidlegare.
  2. varslemeg.no som er eit tilleggsregister nyttar du dersom du ønskjer å motta varsel for ei adresse du ikkje er registrert med bustadadresse på.

Verksemder

Verksemder må registrera nøkkelpersonar ved å gå inn på lenka varslemeg.no. Du kan registrera så mange nummer du vil per adresse.

Ofte stilte spørsmål

Korleis virkar varslingen?

Meldingen vert sendt som SMS til mobiltelefonar og ein automatisert talemelding til fasttelefon. Talemelding vert lest inn som "tekst til tale". På slutten av meldingen blir du bedd om å tasta: 1 - for å bekrefte at du har oppfatta meldingen  9 - dersom du ønskjer å høyra meldingen ein gong til.

Er mitt mobilnummer registrert?

Så lenge du er registrert i «kontaktregister for offentlig forvalting» på rett adresse er alt i orden. Denne oppføringen gjeld for den adressa du er registrert med i Folkeregisteret. Oppføringa di kan du sjekke ved å logge deg inn her: http://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon 

Eg har hemmeleg nummer. Blir eg varsla?

Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Dersom du likevel ønskjer å få varsel frå din kommune, gjer ein tilleggsoppføring på www.varslemeg.no. Kryss av for "hemmeleg nummer".

Korleis får eg varsel for andre adresser enn bustadadressa mi?

varslemeg.no kan du legga inn tilleggsadresser som du ønskjer varsel for. Dette kan gjelda barn i studentbustad, foreldra dine sin bustad eller ein fritidseigedom. Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikker du "Legg til ditt telefonnummer".
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk "send".
  • Du mottar ein kode på SMS, som du bruker for logge deg inn.
  • Her kan du legge til andre adresser du vil varslast for. Namn = den som bur på adressa du registrerer.

Eg bur i burettslag/blokk/sameige. Blir alle på adressa mi varsla?

Alle einingar i eit burettslag eller sameige vert varsla om du er registrert i «kontaktregister for offentlig forvaltning».

Korleis finn eg ut om foreldra mine si adresse er i ein kommune som brukar Varsling 24?

Ta kontakt med den respektive kommune for å høyra om dei brukar Varsling 24.

Korleis kan eg sjå kva adresse eg får varsel for?

varslemeg.no kan du sjekka andre varslingsadresser som er oppført på mobilnummeret ditt, utanom den offiisielle bustadadressa du er registret med i «kontaktregister for offentlig forvalting». Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikker du "Legg til ditt telefonnummer".
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk "send".
  • Du mottar ein kode på SMS, som du brukar for logga deg inn.
  • Her ser du lista over adresser registrert på mobilnummeret ditt.
  • Her kan du òg sletta adresser eller legga til fleire.