Skal du overføre areal mellom tilstøytande matrikkeleiningar (eigedommar), kan arealoverføring vere ein aktuell prosedyre. Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to eigedommar enn kva som er mogleg ved ei grensejustering.

Arealoverføring krev søknad løyve etter plan- og bygningslova.  Bruk skjema «Søknad om deling/rekvisisjon av oppmålingsforretning».

Les meir om handsaming og krav til søknad  om arealoverføring under deling av eigedom (skilja ut tomt).

Om søknaden vert godkjent vert saka sendt vidare til en landmåler for vidare gjennomføring. Før ei godkjent arealoverføring kan gjennomførast må det ryddast opp i eventuelle pengeheftelsar og urådigheiter som råkar eigedomen som skal avstå areal. Landmålaren vil informera om dette. Når alle nødvendige ting er ordna vil landmålaren innkalle partane til en oppmålingsforretning i marka.

Ulik eigar på dei involverte eigendomane

Om det er ulik eigar på kvar side av grensa, må skjemaet «Erklæring om arealoverføring» fyllast ut. Skjemaet fungerer som skøyte og sikrar at arealet vert overført frå den tidligare til den nye eigaren. På skjemaet må det førast på kjøpesum og antatt marknadsverdi av arealet. Tinglysingen reknar ut dokumentavgift på 2,5 % av marknadsverdien.

Same eigar

Om same person eig begge dei involverte eigedomane er det ikkje naudsynt å fylla ut «Erklæring om arealoverføring». Det vert difor ikkje krav om dokumentavgift på overføringa. Eigar må signera på arealoverføringa i protokollen. Saka vert sendt vidare til tinglysing.