Tilrettelagt fritid driv i samarbeid med frivillige treff for eldre to stadar i kommunen. Det eine er i Sagvåg (Buneset 9) og det andre er i Kultursenteret i kjellaren i Stord Kulturhus.

Treffet i Kulturhuset er onsdagar frå kl. 11.00 til 13.30 medan treffet i Sagvåg er torsdagar frå 11.00 til 13.30.

Frå eldretreff i Buneset

[Treff for eldre i Buneset]

Tilbodet kostar kr. 50,- kvar gong. Dette inkluderer eit lett måltid, kaffi/te og aktivitetar som til dømes ein runde med bingo.

Det er fint om deltakarane etter kvart tek med småting til bingogevinstar.

Når det gjeld transport må kvar enkelt syta for og kosta transporten til/frå treffet sjølv.

Er dette noko for deg? Ta i så fall kontakt med Margunn (telefon 900 18 404) og meld deg på.

Frå eldretreff i kulturhuset

[Treff for eldre i kulturhuset]

Kjenner du nokon dette passar for må du gjerne tipsa dei.

Vel møtt!

Med helsing
Margunn Hamre Vassdal, Tilrettelagt fritid og dei frivillige ved tilbodet.