Har du planar om å utarbeida privat framlegg til reguleringsplan for eit område i kommunen, må du først ha eit oppstartsmøte med kommunen, jf § 12-8 i plan- og bygningslova. I eit oppstartsmøte vert rammer og føresetnader for planarbeidet avklara. Det skal også avklarast om planforslaget utløyser krav om konsekvensutgreiing og planprogram.

Det er krav til at private forslagsstillarar skal senda inn eit planinititativ seinast samtidig med førespurnad om oppstartsmøte, jf. § 1 forskrift om handsaming av private forslag til detaljregulering.  Mal for planinitiativ finn du her PDF document ODT document  (word)

Kommunen har høve til å stoppe planarbeidet før, under eller seinast like etter møtet. 

Oppstartsmøte kan òg vere naudsynt før ein kan gå i gang med endring av reguleringsplan (forenkla prosess plan- og bygningslova § 12-14 andre ledd).

Gebyr

Det er gebyr m.a. på:

  • oppstartsmøte
  • avklaringsmøte
  • handsaming av reguleringsplan
  • handsaming av mindre reguleringsendringar 
  • privat planinitiativ
  • stopp av planinitiativ

Her finn du oversikt over gebyr i Stord kommune