Det kan til dømes vere hol i vegen, manglande gatelys eller behov for brøyting. Kommunen har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Fylkeskommunane sørgjer for fylkesvegar og staten for riksvegane. Kommunen kan stengje ein veg dersom vêr- og føretilhøva ikkje gjer det mogleg å halde han open. Vedlikehaldet omfattar køyrebane, bankettar, skråningar og dreneringssystem.
Oppgåvene kan vere
- feiing og reinhald
- fjerning av boss
- klipping av vegetasjon
- rydding i kraftsoner
- vegoppmerking og skilting
- brøyting og strøing om vinteren
Omfanget av desse oppgåvene blir vurdert ut frå behov og kommuneøkonomi. Dersom vegtilstanden er slik at det oppstår skadar eller ulukker, gjeld dei alminnelege erstatningsreglane.
Meld frå
- FiksGataMi
- Sentralbord tlf. 53 49 66 00 eller send e-post til: fellestenester@stord.kommune.no
- I perioden 1. november til 1. april er det vintervakt. Då kan ein mellom kl. 07.00 – 15.00 og etter kl 15.30 og i helgar, ringe vakttelefon tlf. 975 52 084.
- Mørke veglys, meld frå her
Brøyting og snørydding
Vinterdrifta av dei kommunale vegane omfattar brøyting, strøing og rydding/bortkøyring av snø. Vegavdelinga i kommunen har følgjande prioriteringar og rutinar ved brøyting og strøing:
- Kollektivtrasear
- Skulevegar
- Andre kommunale vegar og plassar
Ryddeplikt
I følgje politivedtektene for Stord kommune § 16 , Snøfall og takras pliktar eigar av hus eller grunn mot offentleg stad å rydda fortauet utanfor eigedomen for snø og is etter takras. Innanfor Leirvik sentrum gjeld ryddingsplikta også etter snøfall. I følgje § 17 , Strøplikt har eigar av hus eller grunn mot offentleg stad plikt til å strø fortauet utanfor eigedomen når det er glatt.
Stord kommune har som målsetjing at fortau og gang / og sykkelvegar skal strøast så godt at fotgjengarar ikkje går i køyrebana. Strøing vert elles i hovudsak utført som punktstrøing dvs. det vert strødd i bakkar, svingar og inn mot vegkryss. Kommunen har plassert ut strøkassar på dei mest problematiske stadane. Under vanskelege køyretilhøve vert heile strekningar strødd samanhengande. Strøinga skal vera så god at vanleg vinterutrusta køyretøy kjem fram.
Ansvarsdeling for ulike vegtypar i Stord kommune
Vegtype | Vegmynde | Vedlikehaldsansvarleg |
---|---|---|
Europaveg / riksveg | Statens vegvesen | Mesta Telefon: 478 05 200 |
Fylkesveg | Hordaland Fylkeskommune | Mesta Telefon: 478 05 200 |
Kommunal veg | Stord kommune | Meldingar som gjeld brøyting skal rettast til sentralbordet på tlf. 53 49 66 00. |
Privat veg | Grunneigar/vegeigar | Grunneigar/vegeigar |
Kriterium/vilkår
Brøyting av kommunale vegar startar når det er naudsynt. Det at snø kjem inn på privat eigedom som følgje av brøyting/fresing av kommunal veg/vegareal er innanfor tålegrensa i grannelova (lov 1961 – 06 -16 nr. 15 om rettshøve mellom grannar ) med mindre det går føre seg på ein uforsvarleg og lite omsynsfull måte. Det forhold at snø som kjem inn i hagar og innkjørsle kan innehalda strøsand eller salt er noko oppsitjarar må pårekna. Grunneigarar må sjølv rydda eigen avkjørsle.
Samarbeidspartnarar
I tillegg til eigne mannskap vert det leigt inn 7 private (maskin + mann). Stord kommune har i dag 11 brøyteroder. Brøytinga av dei fleste rodene tek ca. 8-12 timar avhengig av mengde og konsistens.
Planar
- Trafikksikringsplan for Stord kommune
- Hovudplan veg 2014-2019
Brøyting og snørydding
Byggje- og aktivitetsforbod langs offentleg veg - dispensasjon
Ladeplass for EL-bil
Parkering
Parkeringskort for rørslehemma
Privat avkjørsel frå offentleg veg
Reklameskilt langs veg
Strøsand til eldre og uføre
Trafikksikring
Vegvedlikehald