Hovudkontoret er definert som rådhuset, og einingane elles er anten definert saman med andre i same lokasjon, eller som einskild eining.

Stord kommune skal aktivt arbeida for å fremja miljøvenlege tiltak med mål om lågast mogleg påverknad på ytre miljø. Som sertifisert Miljøfyrtårn oppfyller alle einingar i kommunen kriterier fastsett av stiftinga Miljøfyrtårn og gjennomfører tiltak for ei meir miljøvenleg drift og godt arbeidsmiljø.

Heilt sidan 2001 har Stord Folkebibliotek vore sertifisert som miljøfyrtårn. Dei var verksemd nummer 282 i Noreg som mottok det synlege sertifikatet. Per 2018 har kommunen åtte lokasjonar med totalt 13 einingar godkjent, og det er tildelt nærare 9000 sertifikat i Noreg. Desse lokasjonane er rådhuset, kulturhuset, kommunale barnehagar og  

Områder det vert gjort miljøtiltak i:

  • Innkjøp
  • HMT
  • Transport
  • Avfall

Framdrift

2019: skulane og nokre enkelteiningar på felles lokasjon, som SKE-bygget på Leirvik.
2020: Stord kommunale eigedom og institusjonane våre.

Dei skal sertifiserast gjennom anten fysisk eller fjern sertifisering, fastsett av godkjend sertifisør frå Emisoft AS i Bergen.