KjeldesorteringEi sertifisering som miljøfyrtårn vil seia at einingane på kvar sin måte fyller kriterier innan miljøstandard og har rutinar som sikrar eit kontinuerleg arbeid for eit godt miljøarbeid. Einingane kan dokumentera at strenge krav innan tema som arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport, avfall, utslepp og estetikk er tilfredsstilt. For kommunen er dette eit synleg bevis på eigen miljøinnsats, samt ei forplikting til målretta innsats for forbetring. Alle einingar skal årleg rapportera innsatsen til stiftinga Miljøfyrtårn, og må gjennom re-sertifisering kvart tredje år. Rapportane vert offentleggjort i kommunen si årsmelding.

Heilt sidan 2001 har Stord Folkebibliotek vore sertifisert som miljøfyrtårn. Dei var verksemd nummer 282 i Noreg som mottok det synlege sertifikatet. Etter dette har dei vore re-sertifisert kvart tredje år, seinast i 2018. Som eit ledd i arbeidet med rullering av klima- og miljøplan, vedtok Kommunestyret i 2016 at kommuneadministrasjonen samt underliggjande einingar skulle miljøsertifiserast. I dag har kommunen åtte lokasjonar med totalt 13 einingar godkjent, og det er tildelt nærare 9000 sertifikat i Noreg.

Miljøfyrtårn er Noregs mest nytta sertifiseringsordning, og i slutten av 2017 vart ordninga som den første nasjonale ordninga anerkjent av EU-kommisjonen. Dette er eit prov på at ordninga held høg standard og kvalitet på linje med dei internasjonale sertifiseringane EMAS og SO14001.

Kommunen skal aktivt arbeida for å fremja miljøvenlege tiltak med mål om lågast mogleg påverknad på ytre miljø. Som brukar av tenestene til kommunen, vil ein etter kvart ta del i arbeidet anten ein tek ein tur på kino, er elev på ein av grunnskulane eller treng bistand frå rehabilitering, helse og omsorg. Gjennom eit langsiktig arbeid der alle tenesteområda i kommunen deltek, vil Stord kommune på sin måte bidra til å vera rusta for det grøne skiftet.

1.februar startar arbeidet med kartlegging og godkjenning i grunnskulane. Det er målsetting at skulane er ferdig med sitt førebuande arbeid innan juni 2019, og dermed kan gå skuleåret 2019/2020 i møte som sertifiserte miljøfyrtårn.

Det vert offisiell utdeling av diplom på komande kommunestyremøte, torsdag 21. februar! 

Me oppmodar alle brukarar av tenester, oppsitjarar og besøkjande om å ta del i miljøarbeidet i kommunen.

Bilete: kjeldesorteringsboksar.