Det var under kommunestyretmøtet i dag 21.02.19 at einingane vart gjort stas på og fekk utdelt diplom. Kristin Sætre frå biblioteket fekk blomsterbukett då dei er re-sertifisert og har allereie fått diplom.

Arbeidet med miljøsertifisering av Stord kommune sine einingar går framover, og 24.01.19 kom godkjenningane for våre fem kommunale barnehagar. Frå før er kommuneadministrasjonen ved rådhuset, Stord folkebibliotek og Stord kulturskule sertifisert. 

Heilt sidan 2001 har Stord folkebibliotek vore sertifisert som miljøfyrtårn. Dei var verksemd nummer 282 i Noreg som mottok det synlege sertifikatet. Etter dette har dei vore re-sertifisert kvart tredje år, seinast i 2018. Som eit ledd i arbeidet med rullering av klima- og miljøplan, vedtok Kommunestyret i 2016 at kommuneadministrasjonen samt underliggjande einingar skulle miljøsertifiserast. I dag har kommunen åtte lokasjonar med totalt 13 einingar godkjent, og det er tildelt nærare 9000 sertifikat i Noreg.

Ei sertifisering som miljøfyrtårn vil seia at einingane på kvar sin måte fyller kriterier innan miljøstandard og har rutinar som sikrar eit kontinuerleg arbeid for eit godt miljøarbeid. Einingane kan dokumentera at strenge krav innan tema som arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport, avfall, utslepp og estetikk er tilfredsstilt. For kommunen er dette eit synleg bevis på eigen miljøinnsats, samt ei forplikting til målretta innsats for forbetring. Alle einingar skal årleg rapportera innsatsen til stiftinga Miljøfyrtårn, og må gjennom re-sertifisering kvart tredje år. Rapportane vert offentleggjort i kommunen si årsmelding.

1. februar startar arbeidet med kartlegging og godkjenning i grunnskulane. Det er målsetting at skulane er ferdig med sitt førebuande arbeid innan juni 2019, og dermed kan gå skuleåret 2019/2020 i møte som sertifiserte miljøfyrtårn.