Ynskjer du å få klarlagt og/eller merka grensene for din eigedom, kan du enten tinga Klarlegging av grenser eller Teknisk grensepåvising.

Klarlegging av grenser (Oppmålingsforretning)

Ved klarlegging etter Matrikkellova vert det halde Oppmålingsforretning der eksisterande grensene vert klarlagt, merka, målt, kartfesta og registrert i matrikkelen  (landet sitt offisielle register over fast eigedom).

Oppmålingsforretning kan gå ut på å 

  • klarleggja og beskrive grenser og rettigheter knytt til fast eigedom (matrikkeleining)
  • merka og måla eksisterande grenser i mark i tråd med partane sine påstandar og framlagte dokument fram skaffe alle opplysningar og dokumentasjon som er naudsynt for å føre landet sitt offisielle register over fast eigedom (matrikkelen.) For ny matrikkeleining gjelder at du først har løyve frå kommunen etter plan- og bygningsloven før enheten kan opprettes i matrikkelen. 
  • Merkja og måla nye grenser i marka i samsvar med kommunalt løyve etter plan- og bygningsloven

Kven kan be om oppmålingsforretning?

  • Eigar av eigedom (personer som har grunnboksheimel til en eigedom)
  • Personer som har festet grunn for meir enn ti år
  • Personer som har innløyst festegrunn etter lov om tomtefeste

Teknisk grensepåvisning

Ved teknisk grensepåvising stikkes grenser ut i terrenget og merkes med trepælar/spray. Dette gjeld berre grenser som tidligare er klarlagt ved oppmålingsforretning eller tilsvarande.

Naboar vert ikkje varsla og påvisinga vert ikkje registreret i matrikkelen

Skjema for tinging av oppmålingforretning (deling/rekvisisjon av oppmåling) finn du nedanfor