Stord kommune har fleire bustader til leige. Dette er omsorgsbustader, bustader øyremerka flyktningar, bustader med heildøgn omsorg og vanlege utleigebustader.

Kommunale bustader har ikkje automatisk vaktmeistertenester inkludert. I sommarhalvåret må hagar/uteområde haldast ved like av bebuar (plen klippast/blomebed lukast) og om vinteren skal bebuar sjølv halde innkøyrsel frå offentleg veg fram til inngangsdør fri for snø. Her vert ikkje brøytt eller lagt ut strøsand om vinteren. 

Utvendig vedlikehald på bygg er det driftsavdelinga som har ansvar for. 

Merk! Det er forbode å røyke inne i kommunale utleigebustader. Dyrehald er også forbode og må først søkjast om. 

 

Søkja om kommunal bustad

Søknad vert handsama av bustadkonsulenten hjå bustadkontoret i rådhuset.

For å leige bustad må ein søkje skriftleg og dokumentere at ein tilfredstiller krava for å få kommunal bustad. Søknadsskjema finn du nedafor.

Dersom ein vil søkje plass på Knutsaåsen omsorgssenter HDO eller Backertunet HDO, må ein henvende seg til tildelingskontoret på rådhuset.

Fleire av dei kommunale utleigebustadane ligg plassert i burettslag. Det er ofte mogleg å kjøpe bustaden ein leiger kommunalt i burettslag. For spørsmål om kjøp, kontakt eigedomsforvaltar.