Stordøya ligg ved innlaupet til Hardangerfjorden og kommunen omfattar den søraustlege halvparten (om lag 127 kvadratkilometer) av øya Stord, øyane Huglo (13,9 kvadratkilometer), Føyno (1,3 kvadratkilometer) og dessutan nokre mindre øyar det ikkje bur folk på. Nord på Stordøy ligg Fitjar kommune. 

Stord grensar mot Fitjar i nordvest; elles går grensene til Bømlo i vest, Sveio i sør, Kvinnherad i aust og Tysnes i nordaust i sjøen.

Gjennom Trekantsambandet er Stord landfast med Bømlo og Haugalandet/Haugesund. Kyststamvegen E39 går over Stord, og Stord lufthamn har faste ruter til og frå Oslo.

Stord vart oppretta som kommune då det lokale sjølvstyret vart innført i 1837. Frå kommunen vart Fitjar utskild i 1863 og Valestrand i 1868. Stord fekk sine noverande grenser i 1898 då øya Huglo vart overført frå dåverande Fjelberg kommune. (ref. Store norske leksikon).

Stord er byen og senteret i regionen Sunnhordland med mange og varierte tilbod innan privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett og kultur. Byen sine unike fortrinn er at ”alt er nært”; både fjord og fjell, kulturtilbod, arbeidsplassar, offentlege etatar, handelssentra og uteliv.

Vekst og endring

Stordsamfunnet har i heile etterkrigstida vore prega av vekst og endring. Skipsbyggings- og seinare den oljeretta industrien har vore motoren i næringsutviklinga.

Stord er ein utviklingsorientert industrikommune og er del av ei klynge innanfor maritim sektor som er verdsleiande når det gjeld å utvikle grøne, maritime løysingar.

Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv.

Samfunnet er som næringslivet internasjonalt retta. Det fleirkulturelle samfunnet gjer at ein er opne for variasjon, nye idear og tankar til beste for komande generasjonar.

Fakta

  • Grunnlagt i 1838 
  • Namnet Stord tyder av norrønt, «den høgreiste»
  • Stord fekk bystatus i 1997
  • Kommunenr. 4614
  • Nynorsk kommune
  • Senter for leverandørretta oljeindustri i Norge. Større verksemder er Aker Solutions, Leirvik AS, Wärtsilä AS og Apply Leirvik.
  • Regionsenter i Sunnhordland. Sunnhordlandsregionen har ca 60 000 innbyggjarar fordelt på 7 kommunar (Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes)
  • Høgskulesenter - Høgskulen på Vestlandet
  • Sjukehus – Stord sjukehus
  • Flyplass – Stord lufthamn
  • Kommunesenter: Leirvik
  • Areal: 144 kvadratkilometer
  • Folkeltal: 19 045
  • Tilsette i Stord kommune i 2022: 1 586
  • Arbeidsplassar: cirka 9223
    - Tenesteyting, privat/off: 63,1 %
    - Industri, bygg/anlegg: 33,8 %
    - Primærnæringar: 0,8 %
    - Andre: 2,24 %