Det var Arkitekt Einar Vaardal-Lunde som teikna huset og prosjektnamnet var "Alvorlig talt". 

I januar 1965 flytta administrasjonen inn. Den gong var det i tillegg til administrasjonen; bank, apotek og sivilforsvar i bygget. I dag er berre kommunen sin administrasjon i bygget. Rådhuset er eit verna bygg.

Rådhuset finn du i Leirvik sentrum, adresse Borggata 2, 5417 Stord.

Stord rådhus vart til

Stord rådhus vart til i 1965 (PDF)

Stordøya ligg ved innlaupet til Hardangerfjorden, og Stord kommune er søre luten av Øya. Lendet er stort sett flatt, noko kupert, men stig ikkje nemnande før det når foten av fjellet. Der vert det meir som høgfjellsnatur. Jorda er god og grøderik, og vegetasjonen mangvoren.

Busetjinga på stord er truleg svært gamal. Dei mange gravhaugane vitnar om at det har budd godtfolk på Stord frå utgamal tid.

Fyrste møtet i 'Stordøens" heradstyre vart halde på Tyse 8. januar 1838, og sokneprest Claus Daae var fyrste ordføraren. Heradet var den gongen og ei tid framover i dette hundreåret og ei bondebygd, der jordbruk med noko skogbruk og fiske attåt, var hovudnæringa. Men det var heller ikkje så få som var knytte til handel og til ymse slag handverk. Sentralt som bygda låg, var fleire av dei offentlege kontora som høyrde distriktet til, med sine embetsfolk og funksjonærar, lagde til Stord.

Stord har i lang tid vore ein kjend skulestad, og er vorte det meir og meir med åra. Den fyrste ordføraren fekk lagt Stord lærarskule til bygda i 1839, seinare er realskule, gymnas og yrkesskular av ymse slag kome til.

I 1900 var det berre nokre få arbeidarar som var knytte til industrien, for det meste ved skipsvervane, og dei fleste av dei hadde eit småbruk som attåtyrke. I 1920 høyrde 1/3 av skattytarane til industrigruppa. 1960 var 2/3 knytt til industrien. Stord er såleis vorten ei typisk industribygd, og det er Stord Verft som har størst æra for det.

Folketalet har skift mykje i desse åra. I 1855 var talet 1581 og det auka jamt med eit par hundre kvart 10-år fram til hundreårsskiftet. Etter den tid gjekk det snøggare. 11910 var talet 2943, 1940 4057, 1946 5030 og 31. mars 1965 var det 8613.

Stord har lenge yore eit kommunikasjonssentrum Sunnhordland.

Den fyrste dampskipskaien vart bygt i 1912. I dag rår hamnestet på Stord over ei samla kailengde på 525 meter. Då er og moloen, som vart ferdigbygt i 1963, rekna med. På Leirvik, i Sagvåg og på Jektvik er det fergestø. Riksvegen frå Leirvik til Jektvik er ein lekk
Ytre Stamlina.

Stord fekk elektrisk straum heller tidleg, fra Mølleverket i 1912, frå Vatna-verket 1914. Det siste vart kommunalt 1918. I 1934 vart kraftstasjonen på Lundsæter ferdigbygt. Men det vart snart trong for meir kraft. Stord er nå med i L/L Sunnhordland Kraftlag og
får mest all krafta si frå anlegget i Matre. 

Med industrialiseringa og folkeauken voks og arbeidsomkverva og krava til kommuneadministrasjonen. Dette kjem klårast fram av budsjettet. I 1900 vart det budsjettert med kr. 19.000 i brutto utgift. Budsjetta hadde ein nokså jamn auke fram til 1940. Då var det kome opp i kr 532.000. Men sidan har det gått fort. I 1950 kr 1.732.000, 1960 kr. 5.717.000 og i 1965 kr 9.976.813.

Kommunen har investert i åra frå 1950: I skulesektoren kr. 11.070.000, i Rådhuset kr. 3.500.000, Vassverket kr. 4.500.0000, i idrettsanlegg kr. 500.000, i bustader kr. 1.800.000, i vegar, gater og kloakksystem kr. 2.000.000,- og i ymse andre greiner kr. 600.000. Kommunen tek også økonomisk del i utbygginga av Fylkessjukehuset på Stord.

Den store ekspansjonen som heradet på mange omkverve var ute i, kravde ein godt utbygd kommunal administrasjon, og dermed meir kontorrom og. Ikkje lenge etter siste verdkrigen tok formannskapet opp arbeidet med å reisa eit tidhøveleg heradshus. På budsjettet 1948 vart ført opp som fyrste løyving kr 50.000.

Jamvel om trongen for eit slikt hus berre auka etter kvart, måtte andre viktige oppgåver gå føre. Ei plannemnd til å førebu arbeidet, vart sett ned i 1956. Det vart vedteke å plassera huset ved Torget.

I 1957 vedtok kommunestyret å arrangera ein lukka arkitektkonkurranse. I 1958 fekk byggetomta namnet Rådhusplassen, og sjølve administrasjonsbygget Rådhuset.

Juryen som vart sett ned, fann arkitekt E. Vaardal-Lunde sitt utkast "Alvorlig talt" vera best, og at det burde leggjast til grunn for det vidare arbeidet. Kommunestyret vedtok juryen si innstilling 20.03.1959.

I møte 12.6. og 16.11.1961 og 17.09.1964 vedtok Stord kommune finansieringsplan for Rådhuset. Byggekostnadene er kalkulert til 3.5 mill, kroner, inkludert tomt, inventar og uforutsette utgifter. 

Grunnarbeidet tok til 01.02.1962, og kranselaget vart halde 07.11.1963. Dei fyrste som flytte inn i huset, var sivilforsvaret, den 01.11.1964.

Den kommunale administrasjonen flytte inn i januar 1965.

Kommunen vonar at bygget må tena til sitt føremål og vera til gagn og glede for folket på Stord.

Plannemnd vald av kommunestyret 07.09.1956

  • Stuve Rommetveit - formann
  • Amund Engelsen
  • Leif Baugstø
  • Andre Saue
  • Rasmus Rommetveit
  • Andreas Rekve
  • Andreas Fleten

Arkitektkonkurranse/jury

Kommunestyret vedtok 13.11.1957 lukka arkitektkonkurranse med 4 kjende arkitektar som deltakarar.

Jury

  • Arkitekt L. Eide Parr, Haugesund
  • Ordførar Onar Onarheim
  • Siviling. Amund Engelsen
  • Arkitekt Jakob Myklebust, Bergen
  • Arkitekt reg. sj. Jon Digranes, Laksevåg

Arkitekt

Juryens kritikk og innstilling låg føre 13.3. s.a. Den fann arkitekt E. Vaardal-Lunde sitt utkast som best og at det burde leggjast til grunn for det vidare arbeidet. Kommunestyret vedtok 20.03.1959 juryen si innstilling.

Konsulentar

  • Siviling. Johan Thunes varme- og sanitæranlegg
  • Siviling. Erik Grønstad byggeteknisk konsulent
  • Siviling. Harald Monstad elektrotekn. konsulent

Entreprenørar

  • Grunn/betong: W. Engelsen Ettf. , Stord
  • Murpuss: W. Engelsen Ettf. , Stord
  • Tømmerarbeid: Hystad & Hystad, Stord
  • Snekkerarbeid: Hystad & Hystad, Meyer Eldøy, E. Fjeldtvedt, Stord
  • Terrassoarb.: Jostein Martinsen, Kristiansund N.
  • Glasarbeid: G. Rognaldsen, Bergen
  • Blikkensl.arb.: Ellertsen, Olve
  • Vindu/dørp.: Didr. Andersen & Søn, Bergen
  • Smijernsarb.: Einar Olsen A/S, Bergen
  • Brann-luftverndører: H. J. Olsen A/S, Bergen
  • Panserdører: Jørgen S. Lien, Bergen
  • Målararbeid: Stautland & Co. , Stord
  • Golvbelegg: Halvor Urrang, Haugesund
  • El.inst.arb.: Stord Maskin & Inst.forretning, Norsk Eswa
  • Sanitæranl.: W. Ingebrigtsen, Stord
  • Heis: Torvald Sætre, Siviling. Bergen
  • Ventilasjonsanlegg: Arne Mundheim, Bergen
  • Møblar: Jacob L. Berstad, Bergen m.fl.
  • Gardiner: Motehuset Annemor, Stord

Byggenemnd

  • Finn Haga formann
  • Knut Handeland varaformann
  • Henrik Lindeflaten jr.
  • Per Stuve Rommetveit
  • Andre Saue

Byggeleiar: Keld Poul Olsen

Byggearbeidet

Grunnarbeidet tok til 01.02.1962.
Kranselag halde 07.11.1963.

Areal

Grunnflate 1.123 m2

EtasjeBruttoareal
Kjellar1123 m2 - 3009 m3
1. etasje1115 m2 - 3771 m3
2. etasje1015 m2 - 3219 m3
3. etasje591 m2 - 1772 m3
Totalt3844 m2 - 11771 m3

Arealbruk

Kjellar:

  • Stord sparebank - Sunnhordlandsbanken: Garderobe, toalett, arkiv og bokskvelv
  • Stord apotek: Garderobe toalett lagerplass
  • Sivilforsvaret: Kommandoplass alarmplass - lager
  • Stord kommune: Tilfluktsrom arkiv telefonsentral tavlerom

1.etasje

  • Stord sparebank, ekspedisjonslokale, kontor og styrerom
  • Stord apotek: offisin
  • Sunnhordlandsbanken: ekspedisjon, kontor og styrerom
  • Stord trygdekasse: ekspedisjon og kontor
  • Helseråd - distriktslege: kontor m.v.
  • Stord kommune: vestibyle og resepsjon

2. etasje: Stord kommune:

  • Kommunestyresal
  • Publikumsrom
  • Formannskapssal
  • Ordførarkontor
  • Ekspedisjon
  • Kontorsjefkontor
  • Formannskaps sekretærrom
  • Bygdebokkontor
  • Heradskasse - 4 rom
  • Heradsskogmeister
  • Forsyningsnemnd
  • Jordstyre - heradsagronom
  • Skogreisingsnemnd
  • Soslalkontor

3. etasje:

  • Likningskontor 
  • Folkeregister
  • Skulekontor
  • Skulepsykolog
  • Arbeidskontor for Sunnhordland
  • Kasserar E-verket 

Planteikningar

Bilete av planteikning for 1. etasje i Stord rådhus:

skisse over kontora i 1. etasje i Stord rådhus

 

Bilete av planteikning for 2. og 3. etasje i Stord rådhus:

skisse over kontora i 2. og 3. etasje i Stord rådhus