Stord kommunestyre vedtok i 1987 å etablera eit formelt venskapssamband med Hangö i Finland. Hangö kommune er venskapskommune med Halmstad i Sverige og Gentofte i Danmark, og via dette sambandet er også desse to kommunane etablerte som venskapskommunar med Stord.

Sidan 1989 har Stord kommune hatt eit venskapssamarbeid med Comalapa kommune i Guatemala. I 1995 og 1997 anerkjende Stord kommune og Comalapa kommune kvarandre som offisielle venskapskommunar.   

Føremålet med venskapskommunesamarbeidet er ikkje berre høvet til kulturell og sosial utveksling. Det er også erfaringsutveksling innan ulike fagområde, t.d lokal administrasjion, kommunale serviceytingar, utdanning, sosiale forhold, byplanlegging, miljøarbeid og energi.

Særleg har kontakten og samarbeidet med Comalapa utvikla seg gjennom ulike utviklingsprosjekt. I 2002 fekk Stord og Comalapa høve til å begynna gjensidig langtidsutveksling med støtte frå Fredskorpset. Stord kommune og Comalapa er frå 2008 med i NORAD og KS sitt kommune-til kommuneprogram (MIC).  MIC-prosjektet vert avslutta i 2014.

Kontakt Stord kommune

Dersom lag og organisasjonar ønskjer å å vitja ein venskapskommune kan Stord kommune vera behjelpelege med kontaktinformasjon. Ring sentralboret på telefon 53 49 66 00 for meir informasjon.

Les meir om bakgrunnen til venskapssambandet med Hangö kommune.

Stord kommunestyre vedtok i november 1987 å etablere eit formelt venskapssamband med Hangö kommune i Finland.

Bakgrunn

Fleire norske kommunar har ein eller fleire venskapskommunar i dei nordiske landa. Reiseavstandane er korte, slik at kulturutveksling er relativt enkelt. Der er difor vanleg med visittar for lag og foreiningar. Samstundes er dei politiske og administrative skilnadene mellom dei nordiske landa små, og dette mogleggjer utveksling av nyttig informasjon innan dei kommunale sektorane. Delegasjonar frå venskapskommunar vitjar jamleg kvarandre i respektive venskapskommune.

Bakgrunnen til at Stord kommune oppretta venskapssamband med Hangö er at Stord kommune fekk ein førespurnad om dette gjennom Foreningen Norden på initiativ frå den norske ambassaden i Finland. Hangö kommune hadde teke kontakt med den norske ambassaden med ønskje om hjelp til å finne ein vennskapsby i Noreg.

Informasjon om Hangö kommune

Hangö kommun ligg på sydvest-spissen i Finland og omfattar omlag 90 øyar. Det er ein tradisjonell handels- og sjøfartsby på cirka 9000 innbyggjarar (cirka 53,6 prosent finskspråklege og cirka 42,9 prosent svenskspråklege).

Hangö kommune har utanom Stord venskapskommunar i Sverige (Halmstad), Danmark (Gentofte) og Estland (Haapsalu).

Gå til Hangö kommune si heimesida.

Les meir om bakgrunnen til venskapssambandet med Comalapa

Venskap Stord-Comalapa vart stifta i 1989 som ei arbeidsgruppe innan administrasjonen i Stord kommune. I 1995 vart Venskap Stord-Comalapa ein frivillig organisasjon med eigne vedtekter og eige styre med eit medlem frå Stord kommune.

Frå 2002 har Stord kommune og Comalapa kommune hatt utveksling av fredskorpsarar. Tema har vore lokaldemokrati- og administrasjon, helse, skule, miljø, biologisk mangfald/ bosshandsaming og musikk.

I 2007 vart Stord kommune og Municipalidad de San Juan Comalapa samde om å søkja Kommunenes sentralforbund (KS) om å taka del i det internasjonale kommuneprosjektet MIC (Municipal International Cooperation). I 2008 og 2009 har dei to kommunane samarbeida om bevisstgjering rundt miljø- og kvinnespørsmål.

Frå hausten 2009 er ein i gong med den 5. utvekslingsrunden som skal vara i eitt og eit halvt år. Tre ungdommar som representerar Stord reiste til Comalapa i oktober 2009 og skal arbeida innan musikk, miljø og førebyggande arbeid for ungdom. I januar 2010 kom to ungdommar frå Comalapa til Stord. Dei skal arbeida innan musikk, idrett og førebyggande aktivitetar for ungdom.

Meir informasjon om fredskorpset og MIC finn du nedanfor.

Kva er Municipal International Cooperation (MIC)

KS starta det internasjonale kommuneprogrammet MIC mellom kommunar i Noreg og Afrika i 1999. Programmet vart utvida til også å omfatta Guatemala med eit forprosjekt i 2007, og ein rammeavtale på 3 år fra 2008-2010 der Stord og Comalapa kom med.

Prosjektet vart vidareført for åra 2011-2013. Stord kommune søkte KS/Norad om midlar i eit rammeprosjekt for åra 2014-2016, og vart løyvd halve budsjettsummen ein søkte om. Dermed vert prosjektet avslutta i 2014, men ein jobbar for å finne ei løysing for å fortsetja på sikt.

Stord-Comalapa ein av seks partnarar i eit samarbeid mellom kommunar i Noreg og Guatemala. Stord-Comalapa og Ål-Sololá har vore med sidan 2008, medan Tromsø-Quetzaltengango, Stjørdal-Panajachel, Odda-Santiago-Atitlán og Tinn-Champericohar har vore med i  MIC-programmet frå 2010 til 2013.

Overordna mål

Det overordna strategiske målet for programmet er å få til gode styringsprosessar i kommunane. Desse prosessane skal vera ein lekk i den globale kampen mot fattigdom og for bærekraftig utvikling, i samsvar med SN sine milleniumsmål for utvikling.

Føremål

Av dei fire føremåla kommunane kan velja å arbeide etter har dei seks samarbeidskommunane valt desse:

A) Miljøtenking inn i  planlegginga

Her arbeider Stord og Comalapa med opplysningsarbeid i samband med bosshandsaming for å minka forureining.

B) Auka kvinnedeltaking og kvinnerepresentasjon.

Her arbeider Stord og Comalapa med informasjon og skulering for at fleire kvinner skal delta i dei lokale utviklingskomiteane i Comalapa sentrum og i grendene ikring.

 

Les meir om Fredskorpset

Norec (Tidlegare Fredskorpset) er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Utanriksdepartementet og vert finansiert over statsbudsjettet. Ordninga legg tilhøva til rette for ei personellutveksling mellom verksemder i Noreg og Asia, Afrika og Latin-Amerika.

Comalapa og Stord kommune skreiv under den fyrste samarbeidsavtalen om fredskorpsutveksling 29. mai 2002. Målet med utvekslinga var å utvide vennskapskontakten mellom kommunane, og å auke kunnskap om livet til bebuarane i venskapskommunen, deira kultur, det sosiale og politiske liv, utdanning, religion, miljø og helse. I det siste og femte samarbeidsprosjektet var tema førebyggjande arbeid, -idrett, musikk og miljø.

I Comalapa er det stor arbeidsløyse og mange unge rusar seg og søkjer inn i kriminelle miljø. Haldningsskapande verksemd og aktivitetstilbod innan idrett, musikk, dans eller teater kan vera med å velje vekk rus og/eller kriminalitet. Målet er også å oppnå engasjement for likestilling og for likeverd.

Når det gjeld miljø er Comalapa kommune oppteken av å få etablert offentleg avfallsplass og å endre folks vanar med å kaste bosset i m.a. bekkefar. Forsøplinga påverkar natur, miljø og helse. Gjennom haldningsskapande verksemd er håpet å få ibuarane interessert i sjølv å bidra til å ta vare på naturen.

Felles hovudmål

Gjennom fem års utveksling av fredskorpsdeltakarar ønskjer me at kontakten mellom venskapskommunane er styrka, og at bebuarane i Comalapa og Stord har god kjennskap til vennskapskommunen.

I 2011 avslutta Stord og Comalapa kommunar femte prosjektsamarbeid. Det er Fredkorpset som finansierer, og tilskotet for femte prosjektrunde var 1,9 millionar. Etter avsluttande runde har dei styrande i Comalapa kommune sett fram ynskje at dersom fredskorpset opnar for tilskot utover fem prosjektrundar så vil dei gjerne søkje om nye utvekslingsprosjekt.

Norec.no