Møteinnkallingar og protokollar til rådet
Send post til rådet: Post@stord.kommune.no
Leiar: Laila Stensletten
Nestleiar: Tore Roth Blokhus (SV)
Medlemmar
Namn | Vara |
---|---|
Laila Stensletten | Inger Lill Aasheim Jarle Jæger Tove Iren Garli Tove Dypå Lunde Claire Benichou |
Else-Berit Helle | |
Else Berit Ingvaldsen | |
Lars Olav Traa | |
Astrid Dale | |
Tore Roth Blokhus (SV) | Inga Lothe (H) Christian Andre Balchen (H) |
Eva Herskedal Irgens (Frp) |
Om rådet
I Reglementet for Råd for menneske med nedsett funksjonsevne står det at rådet skal ha i alt 7 medlemer; 2 representantar frå kommunestyret og 5 representantar frå dei funksjonshemma sine organisasjonar.
Etter forskrift om medverknad er det kommunestyret som vedtek samansettinga av rådet og kor mange medlemer og varamedlemer rådet skal ha. Rådet skal ha minst 40% representasjon av kvart kjønn. Det er kommunestyret sjølv som vel Råd for personar med nedsett funksjonsnedsetting, jf. kommunelova § 5-12.
Rådet peikar sjølv ut leiar og nestleiar.
Representantane blir oppnemnd etter forslag frå dei funksjonshemma sine organisasjonar og skal veljast blant følgjande hovudgrupperingar:
- Rørslehemming
- Hørselshemming/synshemming
- Utviklingshemming
- Skjult funksjonshemming
Politisk reglement for råd for menneske med nedsett funksjonsevne
Råda for personar med funksjonsnedsetting - rettleiar | Bufdir