Du kan søkja om tilbod for barnet ditt i SFO på den skulen barnet er elev.

I tillegg kan du søkja om SFO på skulefrie dagar og sommar-SFO. Dette tilbodet er samlokalisert på ein av skulane i kommunen. Frå skulestart skuleåret 2023-2024 vil tilbodet bli gitt på Hystad skule.

Rett til 12 timar gratis SFO / gratis kjernetid

Hausten 2022 vart det forskriftsfesta at kommunane skal gi fritak frå foreldrebetaling for 12 timar per veke for elevar på 1. trinn for elevar som har SFO-tilbod. Sjå forskrift til opplæringslova § 1B-4.

I statsbudsjettet for 2023 vart det vedtatt at ordninga skal utvidast til òg å omfatta elevar på 2. trinn. Forskrifta er på høyring og endring er venta å tre i kraft med verknad frå august 2023. Med atterhald om at forskriftsendringa blir vedtatt, utvidar Stord kommune tilbod om 12 timar gratis SFO/ gratis kjernetid til òg å omfatta elevar på 2. trinn. Om forskriftsendringa ikkje blir vedtatt, vil me ta kontakt med foreldre på 2. trinn og informera om kva tilbod/prisar som skal gjelda.

Les meir om dei nye tilboda for 2. trinn nedanfor.

Opningstider

Kommunen har ordinært SFO-tilbod før og etter skuletid for 1.-4. trinn og for barn med særlege behov på 1.-7. trinn. Opningstida er kl. 6:45-16:15 (måndag-fredag). Tilbodet fylgjer skuleåret. Lenkje til skuleruta.

SFO-ordningane er stengde helge- og høgtidsdagar, samt jul- og nyttårsaftan. Onsdag før skjærtorsdag er SFO open til kl. 12:00.

Når tilsette i SFO deltek på skulen sine planleggingsdagar, er SFO-ordningane stengde.

I tillegg til ordinært SFO-tilbod gir kommunen tilbod om SFO på undervisningsfrie dagar. Oversyn over undervisningsfrie dagar finn ein i skuleruta. Sommar-SFO er eit tilbod frå skulen sluttar i juni og til skulen byrjar att i august.

Søk SFO-tilbod eller endra SFO-tilbod

Søknadsfrist og opptaksperiode

Kommunen har eit hovudopptak for alle SFO-tilbod med søknadsfrist 1. april, og deretter opptak ved ledig kapasitet.

Elevar som har ordinært SFO tilbod, beheld tilbodet til og med 4. trinn, eller til tilbodet vert sagt opp. Ein treng ikkje søkja kvart år.

Tilbod om SFO på skulefriedagar og sommar-SFO vert gitt for eitt år om gongen. Ein må derfor søkja på nytt kvart år.

 

Slik søkjer du

Du søkjer om SFO-tilbod og endring i SFO-tilbod via Visma Flyt Skole. Lenkje til innlogging finn du her: Logg inn (visma.com)

Om du ikkje kan søkja elektronisk, ta kontakt med skulen der elev er skriven inn.

Om du skal søka om tilbod om SFO på skulefriedagar og sommar-SFO må du søka om det. Bruk skjema til høgre, eller nedst på sida.

Prioritet ved opptak

  1. Elevar på 1. og 2. trinn
  2. Elevar med særskilte behov
  3. Elevar på 3. og 4. trinn

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Rektor har mynde til å fatta vedtak om opptak i ordinær SFO ved sin skule og til SFO på undervisningsfrie dagar og sommar-SFO. Den kommunale klagenemnda er klageinstans.

Oppseiing

Føresette kan seia opp eller endra SFO-tilbodet med minst to månaders varsel rekna frå den 1. i påfølgjande månad. Døme: Seier du opp SFO-tilbodet 15. desember, vil du ha tilbod og betalingsplikt ut februar. Frå og med mars har du ikkje tilbod og betalingsplikt.

Det må betalast for opphald i oppseiingstida, også for unytta tilbod. Dette gjeld òg tilbodet om sommar-SFO, og/eller SFO på skulefrie dagar.

Gå til Visma Flyt Skole for å seia opp tilbod. Lenkje til innlogging finn du her: Logg inn (visma.com)

SFO-tilboda, prisar og fakturering

Redusert betaling/moderasjonsordningar

Her kan du lesa meir om redusert foreldrebetaling og moderasjonsordningar og korleis du går fram for å søkja: Lenkje til redusert foreldrebetaling i SFO

Tilbodstypar og prisar

Kommunestyret fastset årleg prisar for foreldrebetaling for tilbod i SFO. Betaling for mat kjem i tillegg. Kvar SFO fastset sjølv prisar for matpengar i forhold til sjølvkost. Det er høve til å ta ekstra betaling til turar og utflukter.

Tilbod og prisar for 3. og 4. trinn

Skildring av tilbodTilbod i prosentPris per månad 2023
Fem dagar i veka kl. 6:45 - kl. 16:15100 kr 3 343
Fem dagar i veka frå skuleslutt til kl. 16:1580kr 2 762
Fire dagar i veka kl. 6:45 - kl. 16:1580kr 2 762
Fire dagar i veka frå skuleslutt til kl. 16:1560kr 2 101
Fem dagar i veka kl. 6:45 til skulestart50kr 1 811

Turnus:

To heile veker kvar månad kl. 6:45 - kl. 16:15

50kr 1 811

 

SFO på skulefrie dagar, sommar-SFO og prisar

Skildring av tilbodPrisar 2023
SFO på skulefrie dagarKr 3 796
Sommar-SFO i juniKr 1 562
Sommar-SFO i augustKr 2 346

 

Tilbod og prisar for 1. trinn

 

Skildring av tilbodTilbodPrisar 2023
Gratis kjernetid*12 timarKr 0
Gratis kjernetid utvida med morgon-SFO20 timar og 45 minuttKr 1 181
Gratis kjernetid utvida med ettermiddags-SFO16 timarKr 540
Gratis kjernetid utvida med morgon- og ettermiddags-SFO24 timar og 45 minuttKr 1 721

*Gratis kjernetid vert gitt rett etter skuleslutt med 2,5 timar måndag til torsdag og 2 timar på fredag.

SFO på skulefrie dagar, sommar-SFO og prisar 1. trinn. Elevar på 1. trinn har rett til fritak for betaling for 12 timar SFO per veke. Her er prisar etter fråtrekk:

Skildring av tilbodSatsar 2023
SFO på skulefrie dagarKr 3 289
Sommar-SFO i juniKr 1 167
Sommar-SFO i augustKr 1 753

 

Tilbod og prisar for 2. trinn

Våren 2023 gjeld same tilbod og prisar for 2. trinn som for 3.og 4. trinn.

Frå hausten 2023 gjeld same tilbod og prisar for 2. trinn som for 1. trinn. Endring er med atterhald om at varsla forskriftsendring blir vedtatt.

 

Elevar med særskilde behov har rett til gratis SFO-tilbod frå 5. til 7. årstrinn

Elevar med særskilde behov har rett til gratis SFO-tilbod frå 5. til 7. årstrinn.

 

Fakturering

Det skal betalast for ordinær SFO i 10 månader. Juli er betalingsfri, og ein betalar for halve juni og halve august. Betalingsfrist er den 20. kvar månad.

Forfall for opphaldsbetaling for sommar-SFO (juni) er i juli. Forfall for opphaldsbetaling skulefrie dagar inneverande skuleår (ikkje sommar-SFO i juni) er i august. Forfall for opphaldsbetaling august (halve august) + sommar-SFO i august er i september.

Merk: ein må betala for alle dagane tilbodet gjeld, sjølv om ein ikkje nyttar SFO-tilbodet alle dei skulefrie dagane.

Kommunen kan belasta fakturagebyr for å dekkja administrasjonskostnad til utsending av papirfaktura. For å unngå dette må ein oppretta e-faktura.

For sein betaling vil føra til morarente. Ved vesentleg misleghald, dvs. etter tre månaders manglande betaling, skal føresette få tilbod om betalingsavtale. Om ein ikkje vert einig om betalingsavtale, vil uteståande beløp verta kravd i samsvar med gjeldande lovverk.

Vedtekter

Vedtekter for SFO finn du til høgre eller nedst på sida om du er på mobil.

Regelverk for SFO
Rutiner for legemiddelhåndtering i barnehage, skole og skolefritidsordning

Høve til å klaga

Får du avslag på søknaden, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Kontakt

Rektor eller SFO-leiar ved den skulen eleven er innskriven.

Send sikker digital post