Trafikksikringsplan
Stord kommune har eigen trafikksikringsplan som byggjer på Statens vegvesen sin rettleiar for kommunale trafikksikringsplanar. Trafikksikringsplanen skal synleggjera kva kommunen ynskjer å prioritera av tiltak innan trafikksikring.
Trafikksikringsplan for Stord kommune
Krav til fri sikt langs kommunal veg
Planting mot kommunal veg
Store buskar og tre skal plasserast minst 2 m innanfor grensa mot den kommunale vegen. Hekkar og mindre buskar skal plasserast minst 1 m innanfor grensa. Alle planter skal veksa innanfor eigen eigedom.
Dersom du har tre som strekkjer seg utover eigedomsgrensa, er det følgjande krav til fri høgde:
- over gang/sykkelveg: 3 meter
- over køyrebane: 4,2 meter
Vegetasjonsreinsk
Kommunen utfører reinsking av vegetasjon langs kommunal veg. Dette skjer maskinelt og med grovt utstyr. På stader der privat eigedom/hagar grensar mot kommunal veg er det difor viktig at du som grunneigar tek ansvar.
Avkøyrsle mot kommunal veg - frisiktsoner
Frisiktsona skal vera fri for sikthinder høgare enn 0,5 m over hovudvegen sitt nivå.
Tenk siktsoner og trafikktryggleik når du planlegg planting. Har du avkøyrsle frå kommunal veg skal du syte for tilstrekkeleg frisikt mot vegen.
Krav til frisiktsoner gjeld ved fartsgrensene (Sjå illustrasjon til høgre):
30km/t – 2m/30m
50km/t – 4m/50m