Demensavdeling i heimebaserte tenester (personretta tenester og heimehjelp)

Demensteam - legg tilrette for tidleg utgreiing og diagnostisering av personar med demens, slik at rett tiltak vert sett i verk for brukar og pårørande.

Demensrådgjevar - vil kome i kontakt med pasient og pårørande tidleg i forløpet, samt å gje råd til tenestene i høve målgruppa.

Dagaktivitetstilbod for personar med demenssjukdom - er for personar med ein mild til moderat demenssjukdom. Me ønskjer å gi denne gruppa aktive og meiningsfulle dagar, då beheld ein ferdighetene lenger. Samstundes kan pårørande få verdifull avlastning.

Aktivitetsvenn (nasjonalforeningen for folkehelse) - du eller din pårørande som har fått demens vil kanskje oppleva at enkelte aktivitetar kan bli vanskelegare å gjere åleine. Ein aktivitetsven gjer det enklare å kome seg ut og oppleve ting du sett pris på.

Rødekors besøksven - er eit tilbod for menneske som av ulike grunnar ynskjer meir kontakt med andre mennesker. Røde Kors Besøksvenner bidrar til å gjera kvardagen lettare for einsame i alle aldrar.  

Nasjonalt senter for aldring og helse - er ein statleg organisasjon som utviklar kunnskap og kompetanse om aldring og eldrehelse i Noreg. Forskningsbasert kunnskap, praktiske verktøy og gode løysingar for eldre, pårørande og helse- og omsorgspersonell

Støttekontakt - er eit tilbod om individuell støtte-/fritidskontakt, deltaking i aktivitetsgruppe og/eller individuelt tilbod i samarbeid med ein frivilleg organisasjon.

Frivilligsentralen

  • Lindrande omsorg - frivillige som kan tenka seg å bidra i ei tid der  livet har tatt ei vending mot sjukdom eller ein siste livsfase. 

Velverdsteknologi - er teknologiske løysingar som kan bidra til auka tryggleik, sjølvstende og aktivitet. Døme på velferdsteknologi er tryggleiksalarm, fallalarm, dørsensor, sengesensor, GPS, medisindispenser og digitalt tilsyn.

Verge / framtidsfullmakt - statsforvaltaren - Det kan oppnemnast verje for den som treng hjelp til å ivareta sine eigne interesser, anten økonomisk eller på anna måte.

Stord Fitjar Demensforening | Facebook

Heimehjelp - er eit tilbod til deg som framleis vil bu heime, men treng hjelp til reingjering eller handling. Du må søkja kommunen om heimesjukepleie. Bruk skjema søknad om helse- og omsorgstenester.

Heimesjukepleie - er helsehjelp som blir gitt heime hos pasienten. Du må søkja kommunen om heimesjukepleie. Bruk skjema søknad om helse- og omsorgstenester.