Å ha nullutslepp av klimagasser vil sei at opptak er lik utslepp av klimagasser. Med klimagass meinast karbondioksid (CO2), metan (CH4) og lystgass (N2O). Desse klimgassane bidreg til ein auka drivhuseffekt i atmosfæren. For å få ein felles måleverdi vert måleeininga CO2-ekvivalenter nytta. Dette gjer at det er eit felles mål for kor mykje ulike klimagassar bidreg til oppvarming av atmosfæren.
Klimagassutslepp i Stord kommune
Innanfor dei geografiske grensene til Stord kommune har Miljødirektoratet data som dei publiserar årleg. Oversikt over data over frå Miljødirektoratet finn du her Vestland fylkeskommune har òg laga ei oversikt over klimagassutslepp
Dei samla utsleppa innanfor dei geografiske grensene til Stord kommune er omtrent 65 000 t CO2 ekvivalenter. Dei største utsleppskjeldene er knytt til 1. sjøfart, 2. vegtransport og 3. anleggsmaskiner og liknande.
Korleis?
Å redusera utsleppa av klimagasser ned til at utslepp skal vera lik opptak inneber eit samarbeid mellom offentlege styresmakter, næringsliv, innbyggjarar og frivillige organisasjoner. Kommunen jobbar no med å få ei oversikt over klimagassutslepp, og å sjå på kva tiltak som kan gjennomførast og kva tiltak som skal prioriterast.