Klima- og energiplan vart vedteken på kommunestyremøtet 20.11.2008. Planen skal vera ein reiskap som tek heilskapsomsyn i saker som vedkjem energi og klima i Stord kommune. 

Planen omfattar langsiktige og kortsiktige mål og tiltak på alle nivå i kommunen. For å nå måla som vert sett må ein ha faste haldepunkt og tidsrammer, og tiltak må følgjast opp.

Satsingsområda er vurdert og valt ut med bakgrunn i føringar frå lokale, regionale og nasjonale planar, samt lokale forhold.

For å nå måla i planen må tiltaka følgjast opp. Føresetnaden for å nå hovudmålet ligg i lokal politisk vilje og handlekraft, men er også knytt opp til statlege rammevilkår for auka energifleksibilitet og bruk av alternative energikjelder.

Handlingsplan for klima – Nullutslepp 2030

Stord kommune har no laga ein plan for korleis kommunen skal kome så langt ned mot nullutslepp av klimagasser i 2030 som mogleg. Planen vart vedteke av formannskapet 04.10.23.

Avgrensinga av tiltaksplanen er kommunen som organisasjon. Hovudfokus er å kutte dei direkte klimagassutsleppa som kommunen har gjennom bruk av fossile brensel.

Diagram frå forbruk av energikjelder i Stord kommune

Biletet ovanfor viser diagram for klimagassutslepp frå forbruk av energikjelder i Stord kommune. Diagrammet viser forbruk på 41 % naturgass, 30 % straum, 21 % diesel og 8 % bensin. 

Planen er bygd opp rundt prinsippa om at kommunen sjølv skal ha verktøy til å gjennomføre tiltaka og at det, så langt som råd er, kan målast kor mykje det vil redusera klimagassutsleppa.

Tiltaka

  • Direkte utslepp av klimagasser gjennom bruk av bensin, diesel, straum og naturgass
  • Miljøkrav i innkjøp av varer og tenester
  • Reduksjon av klimagassutslepp frå bygg og anlegg
  • Klimagassutslepp frå arealbruk
  • Interkommunale selskap

Tiltaka i planen vil for ein stor del bli finansiert over kommunen sitt budsjett. Gjennom klimabudsjettet vil kostnaden av tiltaka og reduksjonen i klimagassutsleppa verta talfesta. På den måten kan kommunen setje av dei midlane som trengs for å redusera klimagassutsleppa. I tillegg vil kommunen gjennom dette rapportera årleg på gjennomførte tiltak og reduksjonen i klimagassutslepp. Klimabudsjett finn du her (framsikt.net)

Plandokument