For kommunedelplanar blir det utarbeidd planprogram, som blir sendt på høyring og offentleg ettersyn før det blir vedteke. Når framlegg til kommundelplan er klart, blir det sendt på høyring før endeleg handsaming i kommunestyret. 

Høyringar blir kunngjorde på kommunen sin nettstad og i lokalavisa. Gjeldande kunngjeringar finn du her.

Kommunestyret vedtok 22.10.2020 ein planstrategi, som legg føringar for kva planar Stord kommune skal laga og revidera i denne kommunestyreperioden.

Les meir om planstrategien

Reguleringsplanar under arbeid er å finna her

Bibliotekplan

Status: Arbeidet med revisjon av planen er starta opp.

Kontaktperson: Bjørnar Withbro, telefon 53 49 69 71​

Strategisk hamneplan

Status: Planen er handsama i Utval for plan og utvikling 03.06.21 og skal endeleg handsamast i kommunestyret 22.06.21.

Plandokument

Kontaktperson: hamnesjef Inge Espenes, telefon 53 49 67 67 

Kommunedelplan for kulturminne

Status: Planprogrammet er vedteke.

Plandokument

Kontaktperson: Ragnhild Tveit, telefon 53 49 67 00.

Kommunedelplan for overvatn

Status: Planprogrammet er vedteke 27.05.21.

Plandokument

Kontaktperson: Arnstein Hetlesæter, telefon 53 49 67 58. 

Kommunedelplan for Sagvåg og Litlabø

Status: Planforslaget har vore på høyring. Det blir no arbeidd med eit endeleg forslag til plan.

Planforslaget viser hovudtrekka i arealdisponeringa og rammer og vilkår for kva nye tiltak og ny arealbruk som kan settast i verk, samt kva viktige omsyn som må ivaretakast ved disponeringa av areala. Planforslaget vert med dette lagt ut på høyring og til offentleg ettersyn og alle som ynskjer kan kome med innspel eller merknader.

Plandokument

Det er utarbeida eiga kartløysing for kommunedelplan på høyring, der ein finn plankartet delt opp i eigne kartlag som kan slåast av/på for lettare og kunna lesa planen. Det ligg i tillegg eige kartlag som syner innspel til planen, med vurdering av desse, og eige lag for reguleringsplanar som er tenkt oppheva, med vurdering av kvar einskild plan.

Lenke til kommunekartløysinga 

Brukarrettleiing til kartløysinga finn du her

 

Planprogram
Saksprotokoll
 

Kontaktperson: Lovise Vestbøstad, telefon 53 49 68 18​

Kommuneplanen - samfunnsdel og arealdel

Status: Planprogrammet har vore på høyring og er vedteke. Det blir no arbeidd med eit utkast til samfunnsdel. 

Les meir om kommuneplanarbeidet her

Plandokument

Kontaktperson: Lovise Vestbøstad, telefon 53 49 68 18

Kommunedelplan - Trafikksikringsplan

Status: Planen er under rullering og skal handsamast i vår /sommar 2021.

kontaktperson: Harald Oddvar Sæbø, tlf 975 52 160

Kommunedelplan E39 Heiane-Ådland

Status: Planprogrammet har vore på høyring og skal handsamast i formannskapet 09.06.21 og skal vidare i kommunestyret. 

Kontaktperson: Jostein Klette, tlf. 970 67 100