Organiseringa av atomberedskap  

  • Nasjonalt: Kriseutvalet for atomberedskap (KU) har ansvar for, og fullmakt til, å setje i verk tiltak for å redusere konsekvensane etter ei atomulukke.
  • Regionalt: Statsforvaltaren skal syta for koordinering av informasjon og krisehandtering i fylka, og bidra til å setje i verk samordna tiltak regionalt og lokalt.
  • Lokalt: kommunane skal ha oppdaterte beredskapsplanar for atomberedskap.

Stord kommune har ein beredskapsplan i høve til atomhendingar som vart utarbeidd etter eit plangrunnlag frå Statsforvaltaren og Statens strålevern. Planen inneheld ein del tiltak som kan iverksetjast dersom sentrale myndigheiter gir melding om det. Stord kommune får meldingar frå KU via Statsforvaltaren, og vårt ansvar her lokalt er å ivareta befolkninga og i størst mogleg grad oppretthalde normal drift.