Solidaritetsmarkering av 1 års invasjon av Ukraina

Fredag 24.02.23 er det 1 år sidan Russland invaderte Ukraina og Stord kommune vil markere dagen og heise flagget.

Stord kommune vil offisielt markere dagen kl 17.00 ved rådhuset. Her vil ordførar ønskja velkomen og den ukrainske nasjonalsongen vil bli spelt. Det vil bli 1 minutts stillhet til minne og nokre av flyktningane vil tala.

Det vil også vere ei uoffisiell markering for flyktningane, i Leirvikstova, der dei normalt har samlingsplass kvar fredag. Her vert det servert ukrainsk mat, ukrainske folkedraktar og ukrainsk sang. Ordføraren med familie deltek.

Sivilforsvaret tester flyalarmene i Norge 8. juni

To gongar i året, i januar og i juni, testar Sivilforsvaret varslingsanlegga (flyalarmane), for å sjekka at dei verkar og for å reparera dei som er defekte. Onsdag 8. juni klokken 12.00 testar dei varselet «Viktig melding – søk informasjon», i alle kommunar som har varslingsanlegg.

Signalet

Signalet vert sendt i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane. Signalet betyr at du skal søkja informasjon i for eksempel radio, tv, aviser, på myndigheitene sine nettsider og i sosiale medier.

Flyalarmane

Noreg har 1 250 flyalarmar rundt om i landet, som skal varsla befolkningen ved akutt fare. Varslingsanlegga er stort sett plassert i byar og tettstadar, og signala kan høyrast av cirka halvparten av befolkningen. Varslingsanlegga kan bli brukt både i fredstid og i krig.

 

Цивільна оборона випробовує сигнал повітряної тривоги в Норвегії 8 червня

Двічі на рік, у січні та в червні, Цивільна оборона перевіряє системи оповіщення (сигнали повітряної тривоги), щоб перевірити їх працездатність та відремонтувати непрацююче обладнання. У середу, 8 червня, о 12.00 у всіх муніципалітетах, які мають системи оповіщення, тестуватимуть попередження «Увага всім - шукайте інформацію»

Сигнал

Сигнал передається трьома серіями з однохвилинною паузою між серіями. Сигнал означає, що потрібно шукати інформацію, наприклад, по радіо, на телебаченні, в газетах, на сайтах органів влади та в соціальних мережах. 

Система оповіщення

Норвегія має 1250 сигналів повітряної тривоги по всій країні, які попереджатимуть населення у разі екстренної небезпеки. Системи оповіщення в основному розташовані в містах і селищах, а сигнали чує близько половини населення.

Bustad til flyktningar

Me ber personer som har busett flyktningar i frå Ukraina i heimane sine, ta kontakt med Stord kommune ved Tom Haugan på tlf. 53 49 66 00 (sentralbord) måndag – fredag 11.00 – 14.30 for å få registrert ankomst av desse til kommunen.
 

Alle som kjem til kommunen frå Ukraina må snarast kontakte Politiet på telefonnummer: 489 96 640 for å avtala tid for registrering og søknad om opphald.

 

Ledig bustad?

Stord kommune vil ha behov for mange bustader når me skal busetja flyktningar, og treng hjelp for å få det til. Kan du hjelpa, ta kontakt med oss ved å fylla ut skjemaet under.

Skjema for utleige av bustad

På boligdugnaden.no finn du rettleiing og hjelp til utleige

 

Søknad om mellombels alternativ mottaksplassering for ukrainske flyktningar på Stord som bur i private heimar, hjå slektningar eller vener
 

For å kunne få midlertidig alternativ mottaksplass, må personen ha funnet ein stad å bu i kommunen. Eksempler på stadar ein kan bu:

  • Bu hjå familiemedlemmer som er busatt i ein kommune
  • Bu hjå private personer som har tilbudt eit husvære
  • Ein bustad som er formidla av ein frivillig organisasjon eller kommunen, og som ikkje er ein del av  mottakssystemet.

Ved behov kan ein søkje via UDI: Søke om mellombels alternativ mottaksplass - UDI

Ved behov for rettleiing kan ein kontakte Tom Haugan i Flyktningtenesta på tlf 53 49 66 00, mån-fre 09:30 – 14:30.

Samlingsplass for folk som kjem frå Ukraina

Bygget der Leirvikstova held til
Bilete: Leirvikstova i Bandadalsplassen. Foto: Haldis Lauksund

Stord kommune saman med Norsk folkehjelp har ein regional samlingsplass for personar i sunnhordlandsregionen som kjem frå Ukraina. Samlingsstad på Stord er Leirvikstova, Bandadalsplassen 3, 5417 Stord. Sjå bilete over.

 

Følgjande dagar er sett opp: 

Fredag 6. mai kl. 15.00-17.00

Onsdag 11. mai kl. 15.00-17.00

Fredag 20. mai kl. 15.00-17.00 

Fredag 27. mai kl. 15.00-18.00 

 

Fredag 3. juni kl. 15.00-17.00 

Onsdag 8. juni kl. 15.00-17.00 

Fredag 17. juni kl. 15.00-17.00 

Fredag 24. juni kl. 15.00-17.00 

 

Frå juli og ut året blir det fast dag og tid: fredagar kl. 15.00-17.00 

Alle er hjarteleg velkomne!

  

Ukrainsk:

Муніципалітет Сторд разом з Norwegian People's Aid має регіональне місце збору людей у ​​регіоні Sunnhordland, які приїжджають з України. Місце збору в Stord – Leirvikstova, Bandadalsplassen, 5417 Stord.

Встановлюються наступні дні: П’ятниця 6 травня 15.00-17.00 Середа 11. 15.00-17.00 П’ятниця 20 травня 15.00-17.00 П’ятниця 27 травня 15.00-18.00 П’ятниця 3 червня 15.00-17.00 Середа 8 червня 15.00-17.00 П'ятниця, 17 червня о 15.00-17.00 П'ятниця, 24 червня о 15.00-17.00 З липня до кінця року буде встановлений день і час: п’ятниця 15.00-17.00

Status flyktningar frå Ukraina

Noreg skal busetta 35 000 flyktningar i 2022. Stord kommune skal ta imot 175 av desse. 

For å kunne busetja flyktningane på ein god og skikkeleg måte, må kommunen ha kapasitet både til å skaffa bustad, syta for helsetenester, skule, barnehage, norskopplæring og vaksenopplæring. Rune Karlsson Pedersen er, i første omgang fram til og med 31. mai, konstituert i rådmannen si leiargruppe som koordinator for dette arbeidet. Han vil ha oppgåva med samordning av dei kommunale tenestene og tilrettelegging elles for dei flyktningane som kjem til kommunen.

Mange har vendt seg til oss med tilbod om å leiga ut bustad. Stord kommune er glad for alle som vil hjelpa, og registrerer alle tilbod som kjem. 

Det er også viktig at flyktningane som vert busett, har eit tilbod til både kultur og aktivitetar. Stord kommune har eit godt samarbeid med frivillige organisasjonar, og kommunen  håpar å halda fram dette samarbeidet også innan andre delar av handteringa.

Situasjonen er framleis lite oversiktleg, og endrar seg raskt og ofte. Me har stor forståing for at mange har spørsmål, men Stord kommune har ikkje så mange svar enno. Me kjem til å informera både ut til innbyggjarar og internt etter kvart som me har svar.

 Stord kommune har i samarbeid med tilsett frå Ukraina levert ut medisinsk utstyr som skal fraktast til Polen og vidare til sjukehus og helseinstitusjonar i Ukraina.