På dei tidsavgrensa gratis parkeringsplassane (som krev parkeringsskive) kan ein stå inntil to timar i sentrum, inntil 10 timar på Vabakkjen og inntil 10 timar i Sæ. Sjå kart over parkeringsplassar herTidsavgrensinga og krav om parkeringsskive gjeld også for El- bilar og personar med HC- kort. 

Parkeringsskive får du kjøpt i rådhuset til kr 20,- eller andre stadar dei sel slike. Når du parkerer skal du angje tidspunktet du parkerer bilen. Altså parkerer du kl 12, set pila på parkeringsskiva på klokka 12. Parkeringsskiva skal ligga godt synleg i bilruta.

Les meir om ladestasjon og parkering for EL-bil lenger ned på sida.

Det er betalingsautomatar for parkering ved kjøpesenteret Bytunet og i underetasjen på Bachertunet (til venstre, under NAV/sjukeheimen). EL-bilar står førebels gratis desse to plassane. Tidsrom for avgiftsparkeringa på Bytunet og Bachertunet er som følgjer:

  • Måndag til fredag klokka 07.00 - 19.00
  • Laurdag klokka 07.00 - 17.00
  • Sundag gratis

Elles har kjøpesenteret Amfi gratis parkering første timen og avgiftsbelagt etter det.

Betalingssatsar knytt til parkering

Ladeplass for EL-bilar

Det finst ladepunkt for el-bil både på Leirvik og Heiane som alle kan nytta seg av.

Leirvik

På Leirvik finn du ladepunkt ved SKE-bygg (tidlegare teknisk bygg) vis-a-vis SKL og på Amfi kjøpesenter.

Bruk parkeringsskive ved SKE-bygget. Maks to timar parkering.

Heiane

På Heiane finn du to ladepunkt.

Vanleg ladestasjon på parkeringsplassen ved SKE (Stord kommunal eigedom) bygget, Rundehaugen 45, vegvisarskilt er sett opp ved avkøyringa vis a vis Europris.
Hurtigladestasjon ved Shell stasjonen på Heiane vest.

Kart

Sjå kart over ladeplassar.

Ved feil på parkeringsautomat

Meld frå til sentralbordet på tlf: 53 49 66 00 eller send e-post.

Gebyr og kontrollsanksjon

Jf. Parkeringsforskriften:

  • Dersom du feilparkerer i strid med stanse- og parkeringsforbod etter skiltforskrifta eller trafikkreglane kan du få parkeringsgebyr på kr 900.-
  • Dersom du bryt vilkår som krav til dokumentasjon på stader med gratis parkering (for eksempel gløymer å trekka billett) kan du få kontrollsanksjon på kr 300.-
  • Dersom du bryt andre vilkår, som manglande betaling, parkerer lenger enn tillatt makstid, parkerer på reservert plass eller utanfor oppmerking kan du få ein kontrollsanksjon på kr 600.-
  • Parkerer du på reservert plass for forflytningshemma kan du få kontrollsanksjon på kr 900.- I tillegg risikerer du at bilen din raskt blir inntaua.

Gebyret vert auka med 50% ved for sein betaling. Informasjon om betaling og klageordninga finn du på gebyret.

Parkeringsgebyr og klage

Stord kommune sin trafikkbetjent patruljerer både i sentrum og i resten av kommunen. Ved parkering i strid med vegtrafikklova, trafikkreglane, parkeringsforskrifta eller skiltforskrifta, er det deira oppgåve å ileggja parkeringsgebyr eller kontrollsankson.

Du har høve til å klaga på ilagt gebyr eller tilleggsavgift. Klage skal framsetjast skriftleg, på eige klageskjema eller i vanleg brev.

Klage på parkeringsgebyr eller tilleggsavgift

El-bilar står gratis (bruk parkeringsskjeve), også på plassar merkt med avgiftsparkering.

Hovudmål for parkeringsordninga i Leirvik sentrum

Stord kommunestyre har vedteke å leggja til grunn følgjande hovudmål for parkeringspolitikken i Leirvik sentrum:

  • Parkeringspolitikken skal ha som mål å gjera sentrum lett tilgjengeleg for handlande, reisande, besøkande og andre som har ærend i sentrum.
  • Det skal takast omsyn til funksjonshemma sine særskilde behov for parkering.
  • Parkeringspolitikken skal vurderast i høve til grøntareal, energipolitiske og etiske omsyn.
  • Skilting skal vera slik at det er minst mogeleg parkeringsrestriksjonar på kveldstid og i helgar.
  • Det skal vera tilstrekkeleg med korttids parkeringsplasser i sentrumskjernen og langtids parkeringsplasser i ytre deler av sentrumsområdet.

Stord kommune har, i tillegg til politiet, myndighet til å handheva all stans og parkering av motorvogn på veg som er open for alminneleg ferdsel i Stord kommune. Stord kommune har òg løyve til å innføra avgiftsparkering, dvs. parkering mot betaling.