Tilskot til etablering i eigen bustad
Du kan søkje kommunen om tilskot til å finansiere kjøp av ein bustad. Tilskotet er meint for deg som har låg inntekt og som ikkje kjem inn på bustadmarknaden.
Tenesteomtale
Du kan søkje om tilskot til etablering dersom du har dårleg økonomi og treng hjelp til å skaffe deg ein nøktern og eigna bustad. Tilskotet kan brukast til å kjøpe, byggje eller til å refinansiere eigen bustad.
Om du får tilskot, og kor mykje du kan få avheng av økonomien ditt og kor stort startlån du kan betene.
Målgruppe
-
Personar med nedsett funksjonsevne
-
Flyktningar
-
Sosialt vanskelegstilte
Kriterium/vilkår
Bustaden skal vere nøktern, både når det gjeld storleik og kostnader. Vidare skal bustaden vere godt eigna for ei eventuell funksjonshemming.
Økonomien din vil ha tyding for om du kan få tilskot til etablering i eigen bustad.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Tilskot til etablering blir søkt i den kommunen du bur i. Kommunen kan hjelpe deg å fylle ut søknaden.
Saksbehandling
Du vil få beskjed om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttala deg. Kommunen skal innhenta alle nødvendige opplysningar for å avgjera saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalda grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Grunngje dette eventuelt med nye opplysningar. Klagenemnda i kommunen er klageinstans.
Tenesta oppdatert: 07.01.2025 21:32
Skjema
Tjenester
Dokumenter
Lenker