Stord kommune leverer vatn gjennom det kommunale leidningsnettet til dei bustadene og bygga som er knytte til nettet. I område utan kommunal vassforsyning må det bli etablert ei eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggjeløyve utan at vass- og avløpsløysinga er tilfredsstillande. Kommunen skal varsle forbrukarane om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten, til dømes spyling av leidningsnettet. Innbyggjarar vert varsla på sms og annonsar i pressa og her på nettsida.

Kommunen kan gje restriksjonar for å bruke vatn når det er vassmangel. Dersom naudssituasjonar gjer det nødvendig å gjere unntak frå krava til kvalitet, vil du bli informert om situasjonen og om kor lenge den mellombelse vassforsyninga vil vare.

Samarbeidspartnarar

Mattilsynet er statleg mynde på drikkevassområdet og fører tilsyn med at kommunen (vassverkseigar) følgjer krava i drikkevassforskrifta. 

Til Mattilsynet si heimeside

PH verdi

Ved normal drift ligg pH på mellom 8,3 og 8,6

Det kan i korte periodar i løpet av året ligga på 6,5 til 6,8 (vedlikehald/service arbeid)

I drikkevassforskrifta står det at den skal vera mellom 6,5 og 9,5.