Skjema
- Helse- og omsorgstenester - fullmakt (PDF)
- Helse- og omsorgstenester - søknad (PDF)
- Helse- og omsorgstjenester - søknad
Velferdsteknologi er teknologiske løysingar som kan bidra til auka tryggleik, sjølvstende og aktivitet. Det kan vera gode løysingar som gjer at fleire kan klara seg lenge sjølv i eigen heim. Ved søknad om tenester vert velferdsteknologiske løysingar vurdert som første val.
Du kan søkje om velferdsteknologi til Tildelingskontoret eller via tenesta, t.d. koordinator, demensrådgivar og heimebaserte tenester. Det vert gjort ei kartlegging for å finne den teknologien som best stettar ditt behov.
Her finn du informasjon om dei ulike velferdsteknologiske løysingane kommunen tilbyr som ein del av tenesta:
Tryggleiksalarm kan senda varsel til pårørande, andre i familie og nettverk, eller til kommunen. Ved søknad om tryggleiksalarm som kan gå til pårørande eller andre i nettverket, vert tenesta som hovudregel innvilga utan helsefagleg vurdering. Ved søknad om tryggleiksalarmen som skal gå til kommunen vert det gjort ei helsefagleg vurdering. Dersom alarmen går til kommunen vert den kobla til eit responssenter som tek kontakt med heimetenesta ved behov for naudsynt helsehjelp. Responstid for heimetenesta er ein time. Alarmen skal ikkje nyttast for hjelp eller spørsmål knytt til praktiske oppgåver eller generell kommunikasjon.
Du kan velge om du ynskjer å ha alarmknappen på arm eller i ei snor rundt halsen. Alarmknappen er vanntett. Kostnad er knytt til leige av utstyr.
Dersom du har fare for fall kan du byte ut alarmknappen som høyrer til tryggleiksalarmen med ein fallalarm som varslar ved fall.
Dørsensor vert installert etter kartlegging og behov. Dørsensoren varslar Trygghetssentralen som igjen varslar heimetenesta t.d. om ei dør vert opna. Det mest vanlege er å ha den på mellom kl. 22.00-07.00, men dette kan tilpassast etter brukar sitt ynskje og behov.
Røykvarslar kan du ved behov og kartlegging få som ei tilleggsteneste til tryggleiksalarmen. Ved utløysing vil brannvesenet bli varsla av Trygghetssentralen. Røykvarslaren egnar seg for personar som ikkje sjølv kan varsle brannvesenet ved røykutvikling.
Bevegelsessensor vert etter behov og kartlegging nytta for å varsle og/eller aktivere ei handling når brukar forlet senga/rommet og ikkje kjem tilbake. Bevegelsessensor kjem som ekstrautstyr til tryggleiksalarmen.
GPS vert etter kartlegging og behov tilbydd til personar med t.d. ein demenssjukdom. GPS kan i nokre tilfelle bidra til å oppretthalde eit sjølvstendig og aktivt liv til tross for utviklingen av sjukdommen. GPS er ein ekstra tryggleik for både brukar sjølv og for pårørande. Det vert kun gjort sporing ved behov og etter avtale. Pårørande kan sjølv administrere GPS’en. For brukarar i eit tidleg forløp der pårørande ynskjer å administrere GPS’en, tilrår me at brukar sjølv skaffar seg ein høveleg GPS. GPS kjem som knapp eller klokke.
Medisindispenser vert etter kartlegging og behov gitt til brukara som kan administrere medisin sjølv, men som gjerne treng påminning om å ta medisin.
Medisindispenseren er ein automatisk medisindosett som varslar med lys eller lyd når medisinen skal takast. Dersom brukar ikkje tar medisinen sin kan pårørande eller helsepersonell verta varsla på SMS.
Multidosedispenseren vert etter kartlegging og behov gitt til brukara som nyttar multidoserull og som kan administrere medisin sjølv. Dispensaren varsler med lyd og lys når det er tid for å ta medisinen. Brukaren trykker på en stor blinkende knapp og dispenseren leverer ut ein open pose med medisin.
Dispenseren kommuniserer trådlaust, og helsepersonell kan gjere endringar ved behov utan å fysisk møte opp i heimen. Dersom brukar ikkje tar medisinen sin kan pårørande eller helsepersonell verta varsla på SMS.
Digitalt tilsyn er eit trygt og sikkert førsteval av tilsyn på natt og vert gitt til brukar etter kartlegging og behov. Kamera blir aktivert ved avtalte tider, t.d. to gongar per natt. Det blir automastisk ført logg over kven og når tilsyn er utført, og ingen bilete eller video vert lagra. Kamera vert retta mot tak eller vegg når det ikkje er aktivt. Dersom brukar ikkje ligg i senga tek me nytt tilsyn etter 20 min. Er brukar framleis ikkje i senga kjem heimetensta heim til brukar.
Ta kontakt med din koordinator, heimetenesta, heimerehabiliteringsteamet eller Tildelingskontoret på tlf.: 53 49 66 00 for henvending ved behov for velferdsteknologi eller kartlegging.
Tenesta oppdatert: 23.05.2025 13:40