Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline
25. januar kl. 09:02

Informasjon om koronaviruset

Les meir clear
error_outline
12. januar kl. 11:33

Informasjon om koronavaksine

 

 

les meir clear
A A A

Informasjon om koronaviruset

Covid-19

Foto: Pixabay

Foto: Pixabay

Stord kommune følgjer nasjonale tiltak og tilrådingar frå www.fhi.no og helsenorge.no og gjer elles det me greier av tiltak for å redusera smitte mellom folk. Lokale tiltak finn du lenger nede på sida.

Koronavaksine og vaksineprogram kan du lesa meir om her 

Registrering av personar som skal til Noreg

Bestill time til test her / opningstider

Dette er hovudreglar for testing:

  • Du skal testa deg dersom du har nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon (feber, hoste, tung pust, tap av smak- eller luktesans, sår hals, eller sjukdomskjensle). Barn under 12 år med lette symptom, kan sjå an eit par dagar før eventuell testing. 
  • Testing sjølv om du ikkje har symptom kan vere relevant dersom du er nærkontakt til personar som har fått påvist korona eller dersom du er pålagt karantene på grunn av utanlandsreise. Merk at du må vere i karantene heile perioden sjølv om du skulle få negativt prøvesvar.
  • Er du helsepersonell i karantene? Ring koronasenteret for meir informasjon.

Klikk her for å bestilla time for testing

Du kan òg ringa koronasenteret på 53 49 66 66 å avtale tid for test. 

Telefontid: 08.30- 15.00 alle kvardagar

Testar vert utført i etterkant av opningstida.

Utanom opningstidene, helgedagar og laurdag/sundag vert telefonen ruta til legevakta 116117 som kan hjelpa til med rådgjeving.

Testinga skjer i Ringvegen 24, Heiane, 5412 Stord. Du kan ikkje møte opp utan timeavtale.
Testen blir tatt av helsepersonell utanfor bygget medan du sit i bilen, og er overstått på nokre sekund. Avhengig av kor mange som skal teste seg, kan det vere noko kø ved teststasjonen.

Testsvar

Det kan ta to til tre dagar å få svar på testen. Medan du ventar på prøvesvaret, må du halde deg heime og unngå å smitte andre. Alle som har positivt prøvesvar, vil bli kontakta når testsvaret er klart. Har du negativt svar, vil du ikkje bli kontakta direkte, men du kan sjekke det sjølv på helsenorge.no (pålogging med MinID).

Dersom du ikkje har moglegheit til å logge inn på helsenorge.no, eller ikkje har fått svar etter tre døgn, ring fastlegen din. Fastlegen får alltid kopi av testresultatet.

Dersom du testar positivt utan å ha symptom eller å ha vore eksponert for påvist smitte, må du ta ein ny test for å bekrefte resultatet.

Tal testa og smitta

Dato Totalt tal koronaprøvar tekne fram til og med aktuell dato/veke Total koronaprøvar positive / smitta Kommentarar
       
       
       
Veke 3 8066*   205* 19.01.: 2 utalandske arbeidarar, i karantene v/Aker Solutions frå ankomst, meldt Covid19 positiv på 1.test innan 24t etter ankomst. Isolerte og utan symptom.
Veke 2 7894' 203*

15.01.: 2 utalandske arbeidarar, i pålagd karantene v/Aker Solutions, meldt Covid19 positive på 3. test etter ankomst. Isolerte og utan symptom.

13.01: 7 utalandske arbeidarar, i pålagd karantene v/Aker Solutions, meldt Covid19 positive på 2.test etter ankomst. Isolerte og utan symptom.

Veke 1 7691*  194*

 

7.1.21: Kvinne i 30-åra, innreisekarantene, meldt Covid19 positiv etter test 5.1. ved ankomst. Utlandssmitte. Utan symptom. Isolert. Sporing avslutta. Ingen nærkontaktar.
 

7.1.21: 9 utalandske arbeidarar, i karantene v/Aker Solutions frå ankomst, meldt Covid19 positiv på 1.test innan 24t etter ankomst. Isolerte og utan symptom.

Veke 53 7387*  184*

30.12.20: Kvinne i 30-åra meldt Covid19 positiv etter test 28.12. Isolert. Nærkontakt til tidlegare kjent smitta. Sporing går føre seg.

28.12.20: Kvinne i 50-åra meldt Covid19 positiv etter test 26.12. Isolert. Nærkontakt til tidlegare kjent smitta. Sporing avslutta.

Mann i 30-åra meldt Covid19 positiv etter test 26.12. Ikkje alvorlege symptom, isolert. Nærkontakt til tidlegare kjent smitta. Sporing avslutta.

Mann i 30-åra meldt Covid19 positiv etter test 26.12. Isolert. Ukjent smittekjelde. Busett i Stord. Sporing går føre seg. Fleire nærkontaktar.

 

Veke 52 7145*  180*

24.12.: Kvinne i 70-åra meldt Covid19 positiv etter test 23.12. Ikkje alvorlege symptom, isolert. Nærkontakt til tidlegare kjent smitta. Sporing avslutta.

Kvinne i 70-åra meldt Covid19 positiv etter test 22.12. Ikkje alvorlege symptom, isolert. Nærkontakt til tidlegare kjent smitta. Sporing avslutta.

23.12.: Mann i 70-åra meldt Covid19 positiv etter test 22.12. Ikkje alvorlege symptom, isolert. Nærkontakt til tidlegare kjent smitta. Sporing avslutta.

22.12.: Kvinne i 50-åra meldt Covid19 positiv etter test 21.12. Lette symptom. Kjent smittekjelde, vore i karantene, no isolert. Ikkje nærkontakt. Sporing fullført.

Mann i 70-åra meldt Covid19 positiv etter test 21.12. Ikkje alvorlege symptom, isolert. Ukjent smittekjelde. Sporing avslutta. Fleire nærkontaktar.

21.12.:Mann i 20-åra meldt Covid19 positiv etter test 20.12. Isolert og ikkje alvorlege symptom. Nærkontakt til kjent smitta lokalt. Sporing går føre seg.

Veke 51 6833*  174*

17.12.: Mann i 20-åra meldt Covid19 positiv etter test 16.12. Isolert og ikkje alvorlege symptom. Nærkontakt til kjent smitta lokalt. Sporing avslutta.

Kvinne i 40-åra meldt Covid19 positiv etter test 16.12. Isolert og ikkje alvorlege symptom. Nærkontakt til kjent smitta lokalt. Sporing avslutta.

16.12.: Mann i 20-åra meldt Covid19 positiv etter test 15.12. Lette symptom. Ukjent smittekjelde. Godt oversyn og 10 nærkontaktar i karantene/isolasjon. Sporing avslutta.

16.12.: 14 utalandske arbeidarar i karantene v/Aker Solutions frå ankomst, meldt pos. etter test den 15.12. Utan symptom. Isolerte vidare. Same firma som 12 av dei tidlegare påvist smitta etter ankomst førre helg. Nærkontaktar definerte og ingen vore i arbeid.

15.12.: Gut i tenåra meldt Covid19 positiv etter test 14.12. Isolert og ikkje alvorlege symptom. Smittekjelde annan kommune. Få nærkontaktar i karantene. Sporing går føre seg.

14.12.: Kvinne i 20-åra, innreisekarantene, meldt Covid19 positiv etter test 12.12 ved ankomst. Utlandssmitte. Lette symptom. Isolert. Sporing avslutta. Få nærkontaktar i karantene.

Veke 50 6623*  155*

13.12.20: 6 utalandske arbeidarar i karantene v/Aker Solutions frå ankomst, meldt pos. etter test 2. den 10.12. Utan symptom. Isolerte vidare.

08.12.: Kvinne i 20-åra, innreisekarantene, meldt Covid19 positiv etter test 6.12 ved ankomst. Utlandssmitte. Lette symptom. Isolert. Sporing avslutta. Få nærkontaktar i karantene.

08.12.: 9 utalandske arbeidarar, i karantene v/Aker Solutions frå ankomst, meldt Covid19 positiv på 1.test etter ankomst. Isolerte og utan symptom.

Veke 49 6445* 139* 30.11.: 1 utalandsk arbeidar isolert v/Aker Solutions etter usikker test 2, meldt positiv på ny test. Utan symptom.
Veke 48 6248* 138* 1)

28.11.: 3 utalandske arbeidarar, i karantene v/Aker Solutions meldt pos. etter test 2 den 26.11. Utan symptom. Isolerte.

23.11.: 3 utalandske arbeidarar, i karantene v/Aker Solutions frå ankomst, meldt Covid19 positiv på 1.test etter ankomst. Isolerte og utan symptom.

Veke 47 6052*     
Veke 46 5769* 132* 1)

14.11.: 5 utalandske arb. i karantene v/Kværner meldt pos. etter test 2. den 12.11. Utan symptom. Isolerte vidare.

13.11.: Kvinne i 20-åra meldt Covid19 positiv. Lette symptom. Sannsynleg smittekjelde i annan kommune. Få nærkontaktar. Sporing fullført.

11.11.: Mann i 60-åra meldt Covid19 positiv etter test 9.11. Lette symptom. Smittekjelde annan kommune. Få nærkontaktar arbeidsstad. Sporing fullført.

10.11. 8 utalandsk arb. tilknytt Kværner meldt Covid19 pos. ved 1. test den 7. - 8.11 etter ankomst. Utan symptom. Isolert. Dei andre er i karantene.

9.11.:Kvinne i 30-åra, meldt Covid19 positiv etter test 8.11. Lette symptom. Ukjent smittekjelde. sporing går føre seg.

.

Veke 45 5313*  116* 1)

8.11.: Mann i 20-åra, utalandsk arb. meldt Covid19 positiv etter test 5.11 ved ankomst. Ingen symptom. Gjennomført karantene. No isolert.

7.11: Mann i 50-åra, utalandsk arb. meldt Covid19 positiv etter test 6.11 ved ankomst. Ingen symptom. Gjennomført karantene. No isolert. 

6.11.: 

Mann i 30- åra meldt Covid19 positiv etter test 4.11. Lette symptom. Ukjent smittekjelde. Sporing fullført.

Barn vel 2 år meldt Covid+.etter test 4.11. Husstandsmedlem smitta. Ukjent kjelde. Lette symptom. Sporing fullført.

Kvinne i 30-åra meldt Covid19 positiv etter test 4.11. Lette symptom. Ukjent smittekjelde. Sporing fullført.

Mann i 30-åra meldt Covid19 positiv etter test 4.11. Lette symptom. Ukjent smittekjelde. Godt oversyn og få nærkontaktar. Sporing fullført.

Kvinne i 20-åra meldt Covid19 positiv etter test 4.11. Sjuk med feber. Ukjent smittekjelde. Sporing går føre seg.

1 utalandsk arb. i fritidskarantene v/Kværner meldt pos. etter test 2. den 4.11. Utan symptom. Isolert.

5.11.: Mann i 40-åra meldt Covid19 positiv etter test 4.11. Lette symptom. Ukjent smittekjelde. Godt oversyn og avgrensa nærkontaktar Sporing avslutta. 

Kvinne i 50-åra meldt Covid19 positiv etter test 4.11. Lette symptom. Ukjent smittekjelde. Sporing går føre seg.

Mann i tenåra meldt Covid19 positiv etter test 4.11. Lette symptom. Ukjent smittekjelde. Sporing går føre seg.

Mann i tenåra meldt Covid19 positiv etter test 3.11. Lette symptom. Ukjent smittekjelde. Sporing går føre seg.

4.11.: Mann 20-åra meldt Covid19 positiv etter test dagen før. Lette symptom. Nærkontakt til kjent Covid positiv. Godt oversyn over få nærkontaktar no.

3.11.:

Kvinne 50 år meldt Covid19 positiv, lette symptom, kjent nærkontakt til smitta og har vore i karantene.

02.11.: 2 utalandske arbeidarar i karantene v/Kværner frå ankomst, meldt Covid19 positive etter 1.test dagen før. Isolerte og ikkje symptom.

1 utalandsk arb. i fritidskarantene v/Kværner meldt pos. etter test 2 dagen før. Utan symptom. Isolert. 3 nærkontaktar i karantene.

1 utalandsk arb. i fritidskarantene v/Kværner meldt pos. etter test 2 dagen før. Utan symptom. Isolert. Sporing av nærkontaktar til karantene går føre seg.

Gut 8 år meldt Covid positiv etter test 1.11. Lette symptom. Sporing i gang. Elev Litlabø skule. 3. klasse og kring 10 nærkontaktar elles i karantene. 

Veke 44 4623*  97

01.11.: Kvinne 65 år meldt Covid19 positiv. Testa 30.10. Ukjent smitteveg. Sporing går føre seg.

31.10: Kvinne 25 år meldt Covid19 positiv. Ukjent smitteveg. Sporing går føre seg.

30.10: 1 utalandske arbeidarar meldt Covid19 positiv etter 2. test dagen før.Fritidskarantene, utan symptom no isolert. 1 ny nærkontakt i karantene.Tilknytt Kværner

29.10.: Mann 24 år meldt Covid+, ukjent smitteveg, sporing går føre seg

Mann 53 år meldt Covid+, nærkontakt til tidl. smitta i ungdomsgruppa, sporing går føre seg

Mann 42 år meldt Covid+, ukjent smitteveg, sporing går føre seg

Kvinne 35 år meldt Covid+, ukjent smitteveg, sporing går føre seg

Kvinne 14 år meldt Covid+, ukjent smitteveg, sporing går føre seg

Kvinne 28 år, meldt Covid+, ukjent smitteveg, sporing går føre seg

Mann 24 år, nærkontakt til tidl. påvist smitta ved Leirvik AS, men arbeider ikkje der

28.10.:Mann 45 år meldt Covid+, forventa som nærkontakt, tilknyting Leirvik AS.

Mann 31 år meldt Covid+, forventa som nærkontakt, tilsett Leirvik AS.

Mann 47 år meldt Covid+, forventa som nærkontakt, tilknyting Leirvik AS.

Mann 45 år meldt Covid+, forventa som nærkontakt, tilknyting Leirvik AS.

Mann 46 år meldt Covid+, nærkontakt, tilknytt LeirvikAS

Gut 9 år meldt Covid+, nærkontakt til tidl. meldt tilfelle, ikkje sjuk

Kvinne 44 år meldt Covid+, nærkontakt til tidl. meldt tilfelle, ikkje sjuk

Gut 10 år meldt Covid?, nærkontakt til tidl. meldt tilfelle, ikkje sjuk

Leirvik skule 5. trinn i karantene.

27.10.: Mann 21 år meldt Covid19 pos etter, lette symptom, tilhøyrer ungdomsgruppa. 

Mann 20 år meldt  Covid 19 pos, lette symptom, tilhøyrer ungdomsgruppa. Sporing går føre seg på desse.

Mann 54 år meldt Covid+ forventa som nærkontakt, tilhøyrer Leirvik AS. 

Mann 51år meldt Covid+, lette symptom, uavklart smitteveg, men sporing sett i verk

Kvinne 50 år meldt Covid+,forventa nærkontakt, tilknyting Leirvik AS

Mann 28 år meldt Covid+, lette symptom, samanheng med ungdomsgruppa

Kvinne 16 år meldt Covid+, ikkje alvorleg sjuk, uavklart smitteveg, men sporing sett i verk

Kvinne 37 år meldt Covid+, svært lette symptom, ukjend smittekontakt, men sporing vert gjort

Kvinne 26 år meldt Covid?, svært lette symptom, ukjen dmittekontakt, men sporing vert gjort

26.10.: Mann 23 år meldt Covid19 pos etter test 24.10, lette symptom, tilhøyrer ungdomsgruppa.

Mann 41 år meldt Covid+ forventa som nærkontakt, tilhøyrer Leirvik AS. 

Mann 44 år meldt Covid+, lette symptom, testa som resultat av sporing. Tilhøyrer Leirvik AS og uløyser ytterlegare nærkontaktar og fleire i karantene.

Mann 46 år meldt Covid+, testa som resultat av lette symptom i betring og sporing. Tilhøyrer Leirvik AS og sporing går føre seg.

4 utalandske arbeidarar i karantene v/Kværner frå ankomst, meldt Covid19 positive ved 1.test. Isolerte og ikkje symptom.

Sum utg. veke 43 3789*  62

25.10.: Kvinne 52 år, Covid+ som nærkontakt til ungdom og forventa.Er isolert.

Mann 21 år Covid19 positiv, ukjent smitteveg til no. Nye 15 nærkontaktar i karantene kring desse.

24.10.: 2 menn meldt Covid19 positiv.Begge forventa og knytt til arbeidslaget på LeirvikAS. Isolerte. Ikkje alvorlege symptom. Den eine har nærkontakt mistenkt Covid smitta frå 23.10. Vedk. har arbeidd i Sævarhagen FUS barnehage og Stord Rehabiliteringssenter. Karantene og smitteverntiltak er sette i verk på grunnlag av dette. Oppdatert informasjon for 24.10. kjem på Stord kommune si heimesid

23.10.: 9 personar meldt smitta med Covid+i prøve teke 22.10. Dette er alle forventa og nære nærkontaktar til mann 21 år. Dei har symptom, er isolerte, men ikkje alvorlege sjukdom. Viser elles til oppdatert informasjon kvelden 23.10.

23.10.: 3 utalandsk arb. i fritidskarantene v/Kværner meldt pos. etter test 2. Utan symptom. Isolert. Nærkontaktar i karantene.

22.10.: 1 utalandsk arb. i fritidskarantene v/Kværner meldt pos. etter test 1 dagen før. Utan symptom. Isolert. Nærkontaktar i karantene.

22.10.: Det er meldt 3 nye tilfeller av Covid-19 mellom stordabuen i dag. Dei har lette symptom og har ulike kjelder for smitte. 

22.10.: Mann 21 år meldt Covid19 + etter test 20.10. Isolert. Lette symptom. Sporing vert utført. 13 nærkontaktar varsla om karantene og vert testa ved symptomutvikling.

20.10.: Mann 25 år meldt Covid19 + etter test dagen før. Vore på reis utanfor kommunen. Isolert. Lette symptom. Sporing utført. 13 nærkontaktar varsla om karantene og vert testa ved symptomutvikling.

19.10.: 5 utalandske arbeidarar, i karantene v/Kværner frå ankomst, meldt Covid19 positiv ved 1. test.  Isolerte, ikkje alvorleg sjuke eller symptom. Nærkontaktar i karantene.

Sum utg. veke 42 3323* 35

18.10.: 1 utalandsk arb. meldt Covid19 positiv etter test 17.10. Ingen symptom. Isolert. 6 nærkontaktar i karantene.

16.10.: 1 utalandsk arb. i fritidskarantene v/Kværner meldt pos. etter test 2 dagen før. Utan symptom. Isolert. 2 nærkontaktar i karantene.

3 utalandske arbeidarar, i karantene v/Kværner frå ankomst 11.10, meldt positiv Covid 12.10. ved 1. test ankomstdagen. Isolerte, ikkje alvorleg sjuke og ikkje vore i arbeid.

Sum utg. veke 41 3173* 30

9.10.: 1 utalandsk arb. i fritidskarantene v/Kværner meldt pos. etter test 2 dagen før. Utan symptom. Isolert. 3 nærkontaktar i karantene.

8.10.: 1 utalandsk arb. meldt Covid19 positiv etter test 6.10. Heimeisolert og nærkontakt i karantene.

5.10.: 5 utalandske arbeidarar i karantene v/Kværner frå ankomst, meldt positiv Covid19 i 1. prøve tatt ankomstdagen 4.10. Utan symptom, isolerte og ikkje vore i arbeid. Varsling av akttuelle nærkontaktar er sett i verk.

Sum utg. veke 40 3001* 23

2.10.: 2 utalandske arbeidarar meldt Covid19 positive etter 2. test dagen før, under fritidskarantene. Isolerte. Alle isolerte utan symptom. 7 nye nærkontaktar i karantene.

3 utalandske arbeidarar, i karantene v/Kværner frå ankomst, meldt positiv Covid 28.9. ved 1. test ankomstdagen. Isolerte, ikkje alvorleg sjuke og ikkje vore i arbeid.

Sum utg. veke 39 2765* 18 1 elev Stord vidaregåande skule meldt Covid+ 26.9. på test 24.9. Isolert og ikkje alv. sjuk. Sporing og varsling av nærkontaktar er sett i verk.
Sum utg. veke 38 2493* 17 3 utalandske arbeidarar, i karantene v/Kværner frå ankomst, meldt positiv Covid 21.9. ved 1.test ankomstdagen. Isolerte og ikkje alvorleg sjuke.
Sum utg. veke 37 2216* 14 Ein stordabu, som studerer i Bergen, vart meldt positiv på Covid19 den 09.09. Det er nokre få nærkontaktar knytt til familien som har teke gode førehandsreglar. Dei er i karantene heime og ingen er alvorleg sjuke. 1 nærkontakt i karantene til tidlegare smitta i Bergen meldt Covid + den 12.9.
Sum veke 16 - 36 1897* 12
  • 1 nytt positivt tilfelle om kvelden 05.09 relatert til tidlegare kjent smittetilfelle på Stord vidaregåande skule
  • 2 nye personar som er smitta med Covid+ virus 05.09. Dette er dei 2 nærkontaktane i heimen til NHH studenten som tidlegare har vore omtala.
  • 1 elev på Stord Vidaregåande skule 2. klasse idrettslina, har testa positivt på Covid-19 i prøve teke den 01.09.
  • 1 stordabu i 20-åra, som studerer i Bergen, har testa positivt på prøve teken den 31.08.
  • 14.08. Nytt smittetilfelle med Covid-19. Vedkomande har vore på utlandsreise, har hatt lite symptom og er i god form

Sum utg. veke 15

243*

5

 

Sum utg. veke 14

223*

5

 

Sum utg. veke 13

186*

4

 

Sum utg. veke 12

128*

3

22.3.: - tredje person smiltta. Alle tilfella til no, kan mest sannsynleg sporast til smitte i utlandet.

18.3.: - andre tilfelle av person som er smitta. Det heng saman med tidlegare kjend smittestad for det første tilfellet. 

Sum utg. veke 11

52*

1

14.3.: første tilfellet der ein person er smitta av Koronavirus

Sum utg. veke 10

5

0

 

*) Koronasentralen gjer det vesentlege av testing i Stord, men nokre vert tekne av legevakta. Tal testa vert summert, kunngjort 2 gonger i veka og omfattar Fitjar og noke frå Bømlo. Tal på testar frå verksemdtesting på Heiane er ikkje med her. Tal positive på Covid-19 gjeld berre dei melde til Stord kommune og som bur/oppheld seg her i det daglege. Justert 9.11.for 2 frå Fitjar (veke 45) og 1 frå Hyllestad (9.11.), Siste innlagde tal positive og kommentar er merka raudt.

1) Justert 9.11. for 2 frå Fitjar (veke 45) og 1 frå Hyllestad (9.11.)

21.01.21 - lokal oppdatering

Stord kommune viser til oppdateringa den 18.1. Regjeringa held i stor grad fast ved innstrammingstiltaka som vart sette i verk frå årsskiftet. Det er framleis ein utrygg smittesituasjon i landet. Dette gjeld og for Stord, men me har ikkje smittepress som krev strengare reglar. Me kan såleis følgja dei sentrale tilrådingane.

Regjeringa har likevel opna for litt meir sosial kontakt, barn og unge kan vera med på litt meir aktivitetar og det vert lempa på skjenkeforbodet i dei kommunane som har lågt smittetrykk. I høve det siste vert det såleis frå fredag denne veka ope for sal av alkohol, men berre ved matservering. Gjester kan ikkje sleppast inn etter kl. 22 og det er skjenkestopp frå midnatt.

Det er viktig at me alle er klare over at det framleis er sterke innstrammingar i landet. Stordabuen har vore flinke til å retta seg etter tilrådingane. Me må halda fram slik så langt me greier, enno ei stund framover vinteren.

Kriseleiinga i Stord kommune

18.01.21 - lokal oppdatering

Det er totalt registrert 203 Covid19-positive i Stord. Dei siste 2 vekene har 21 personar fått påvist smitte. 20 av desse er gjestearbeidarar hos Aker Solutions, også den siste har hatt med seg smitten frå utlandet. Alle dei smitta er sett i isolasjon.

Stord kommune vil ikkje innføra tiltak og innstramingar ut over det som er gitt av sentrale styresmakter i dag 18. januar. Det inneber at tiltaksnivået for ungdomsskulane, vaksenopplæringa og den vidaregåande skulen vert justert ned frå raudt til gult nivå frå og med onsdag 20. januar. Det same gjeld for kulturskulen.

Fritidsklubbane, måndags- og onsdagsklubben vert også opna 20. januar. Symjehallen vert opna for trening og offentleg bading same dag, med særlege smitteverntiltak.

Gjeldande restriksjonar både for personell og besøkjande på sjukeheimane vert vidareført inntil vidare. Det er ikkje påvist smitte i sjukeheimane i Stord.

Vaksinering er godt i gang og på sjukeheimen og omsorgssenteret. Me reknar med at alle bebuarar som ønskjer det er fullvaksinert i løpet av januar. Ein har starta vaksinasjon av helsepersonell som er vurdert å vera i særleg utsette funksjonar under pandemien.

Det førebyggjande arbeidet me alle gjer, må såleis halda fram. Stord har god kapasitet ved Koronasenteret, slik smittetala er no. Det vert oppmoda om testing ved mistanke eller symptom. Tinging av avtale kan gjerast digitalt. Opningstidene er kunngjort.

Kriseleiinga minner om at det viktigaste middelet for å nedkjempa smitten er at kvar og ein av oss tek ansvar for å følgja oppmodingar og påbod. Stord kommune vil på det sterkaste oppmoda om å følgja dei grunnleggjande smittevernråda:

God hygiene.
Minst 2 meter avstand til andre der det er mogleg, ute og inne.
Gå ut av situasjonar der ein meter avstand til andre er vanskeleg å halda, om du ikkje har munnbind.
Test deg ved mistanke om smitte.

 

Kriseleiinga i Stord kommune

Gjeldande lokale oppmodingar

  • Stord kommune følgjer anbefalinga om heimekontor og avgrensingar i reiseaktivitet og oppmodar andre verksemder til å gjera det same.
  • Tiltaksnivået for ungdomsskulane, vaksenopplæringa og den vidaregåande skulen vert justert ned frå raudt til gult nivå frå og med onsdag 20. januar. Det same gjeld for kulturskulen.

  • Fritidsklubbane, måndags- og onsdagsklubben vert også opna 20. januar.

  • Symjehallen vert opna for trening og offentleg bading same dag, med særlege smitteverntiltak.

  • Frå fredag 22.01.21 vert det ope for sal av alkohol, men berre ved matservering. Gjester kan ikkje sleppast inn etter kl. 22 og det er skjenkestopp frå midnatt.

Besøksrestriksjonar på sjukeheim og omsorgssenter

  • Alle besøk skal avtalast med aktuell avdeling/gruppe på førehand.
  • Det vert berre løyve til eit besøk dagleg for kvar bebuar.
  • Berre næraste pårørande får kome på besøk og berre to personar om gongen.
  • Alle besøk skal skje på rom eller ute. Besøkande skal ikkje vere i fellesareal.
  • Ved symptom på luftvegsinfeksjon, feber eller anna smittsam sjukdom skal ein ikkje komma på besøk.
  • Om ein har vore i utlandet så får ein ikkje komma på besøk før 10 dagar etter innkomst Noreg.
  • Besøkstidene er klokka 10.30 - 12.30 og 16.30 - 18.00.
  • Besøkjande har ansvar for å nytte munnbind (medbrakt) under besøket og halde to meter avstand til bebuar.
  • Gje beskjed til avdelinga om ein vert sjuk innan 48 timar etter besøk.

Kriseleiinga minner om at det viktigaste middelet for å nedkjempa smitten er at kvar og ein av oss tek ansvar for å følgja oppmodingar og påbod. Stord kommune vil på det sterkaste oppmoda om å følgja dei grunnleggjande smittevernråda:

  • God hygiene.
  • Minst 2 meter avstand til andre der det er mogleg, ute og inne.
  • Gå ut av situasjonar der ein meter avstand til andre er vanskeleg å halda, om du ikkje har munnbind.
  • Test deg ved mistanke om smitte.
 
Oppdatert 18.01.21. Tiltaka vert vurdert fortløpande.
 

Til tiltaksplan for avgrensing av smitte blant tilsette

Gjeldande nasjonale tiltak finn du på regjeringa.no

Vurderinga frå Folkehelseinstituttet om tiltak i Stord kommune frå 30. oktober kan lesast her.

Registrering av innreise til Noreg

For betra smittekontroll skal alle som reiser til Noreg registrera seg før dei krysser grensa. Dette gjeld også norske statsborgarar. Gå rett til egistrering på reg.entrynorway.no eller finn meir informasjon og skjema på regjeringa.no

Ta kontakt

Ta kontakt med tilsette - til oversikt over einingane våre

Treng du nokon å snakka med i denne tida? 

Ta kontakt med nokon du har tillit til, eller søk hjelp her:

Smittevernhandtering ved bruk av utalandsk arbeidskraft i Stord kommune

Som interesseorganisasjon i ein kommune med stor aktivitet i industri- og anleggsbransjen vil me saman med Stord kommune komma med ei oppmoding til alle som brukar utanlandsk arbeidskraft.

Me vil understreka at det er viktig at gjeldande smittevernreglar med 10 døgn obligatorisk karantene vert overhalde. Det er og avgjerande viktig at arbeidarar som får påvist smitte, vert isolert på forsvarleg og god måte. Karantenehotell for vår region er definert til Flesland. Sjå nasjonale retningslinjer på regjeringen.no

Me vil også gjera merksam på at regjeringa 10.11.20 etablerte ei ny kompensasjonsordning for utgifter i samband med innleige av utanlandsk arbeidskraft Denne ordninga skal letta på dei utgiftene bedrifter må ta i den krevjande situasjonen me er i.

Dersom det er verksemder som ser behov for meir lokale ordningar, er Stord kommune open for at me lagar det. Det viktigaste framover er å hindra at smitte brer seg og råkar sårbare personar og grupper i samfunnet vårt.

Stord kommune og Stord Næringsråd stiller seg til disposisjon for å bidra som tilretteleggjar, og me vil be om at alle bedrifter som tek inn utanlandsk arbeidskraft no og i månadene framover, melder frå om dette til kommunen. Dette gjeld også bedrifter som bruker underleverandørar med utanlandsk arbeidskraft. Melding kan sendast til: post@stord.kommune.no

Stord kommune vurderer importsmitte i samband med innleige av utanlandsk arbeidskraft som ein av dei største risikoane for ytterlegare smittespreiing i lokalsamfunnet vårt. Det er difor viktig for kommunen å få ei oversikt over omfanget av innleige av utanlandsk arbeidskraft, og komma i dialog med dei bedriftene dette gjeld.

Me har alle eit ansvar for å hindra smittespreiing gjennom å følgja nasjonale og lokale påbod og oppmodingar.

Takk for at de alle er med på dugnaden!

Skuleskyss ved smittevernsituasjon

I rettleiarane for smittevern i skulane er det sett ulike retningsliner for barnetrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande trinn ut frå kva nivå skulen har i ein trafikklysmodell med grønt, gult og raudt nivå.

Retningslinene for smittevern vil difor kunne variera mellom kommunar ut frå kva nivå lokale smittevernmynde har vedtatt for kommunen og for ulike trinn.

Skyss har dialog med skuleeigarane om kva nivå som er vedtatt for dei enkelte kommunane, og kva konsekvensar dette har for skuleskyssen.

Ein må rekne med at det tar noko tid frå det blir gjort vedtak om endring av nivå i ein kommune, til naudsynte tiltak er sette i verk for skuleskyssen.

Følgjande retningsliner gjeld for skoleskyssen på gult nivå:

  • Bruk av offentleg transport til og frå skolen skal avgrensast der det er mogleg
  • Elevar som er avhengige av skoleskyss, kan ta buss eller anna transport for å komme seg til og frå skolen. Elevar kan sitje saman på bussen, men bør halde avstand til andre reisande. Unngå kontakt ansikt til ansikt i størst mogleg grad.
  • For ungdomstrinnet og vidaregåande trinn: Ved bruk av offentleg transport bør elevar følgje lokale tilrådingar for bruk av munnbind.

Følgjande retningsliner gjeld for skoleskyss på raudt nivå:

  • Bruk av offentleg transport til og frå skolen skal avgrensast der det er mogleg
  • Skuleskyss: Elevar bør sitje på anna kvart sete. Elevar frå same hushald eller same kohort kan sitje saman. Det kan bli gjort lokale vurderingar i samråd med lokale helsemynde. På vidaregåande trinn kan berre elevar frå same hushald sitje saman.
  • For ungdomstrinnet og vidaregåande trinn: Ved bruk av offentleg transport bør elevar følgje lokale tilrådingar for bruk av munnbind.

Elevar som er sjuke eller har sjukdomssymptom skal ikkje reise med skoleskyssen. Dette gjeld sjølv ved milde sjukdomssymptom.

Retningslinene over gjeld også for skuleskyss med drosje.

Praktiske dømer på korleis skoleskyssen kan bli gjennomført i samsvar med smittevernråda:

Dersom både barne- og ungdomstrinnet har gult nivå:

  • Elevane kan sitje saman på skoleskyssen uavhengig av kva skule og trinn dei går på (gjeld både buss og drosje), men ein bør unngå kontakt ansikt-til-ansikt i størst mogleg grad. Nasjonale smittevernråd vil då vere teken i vare sjølv om bussen er full.

Dersom barnetrinnet har gult nivå og ungdomstrinnet har rødt nivå:

  • Elevar frå barnetrinnet kan sitje saman uavhengig av kva skule og trinn dei går på. Elevar frå ungdomstrinnet må sitje saman med ein frå same kohort (vil ofte vere snakk om medelev frå same klasse) eller hushald. Dersom sistnemnte ikkje er mogleg, må ungdomsskoleelevar halde 1-meter avstand til andre (gjeld både buss og drosje).
  • Elevar frå barnetrinnet kan sitje på rader foran, bak og på motsett side av ungdomsskuleelevar, men ikkje på setet ved sidan av ein ungdomsskuleelev, med mindre elevane kjem frå same hushald.
  • I tilfelle der hovudparten av ungdomsskuleelevane kan sitje saman med ein frå same kohort eller same hushald, vil nasjonale smittevernråd vere teken i vare sjølv om bussen er full.
  • På skoleskyss utført med drosje vil berre anna kvart sete kunne bli nytta på turer der det er med ungdomsskuleelevar, med mindre det er snakk om ungdomsskuleelevar frå same kohort eller same hushald.

Skuleskyssen vil gå til ordinære start- og sluttider.

Spørsmål kan bli retta til skoleskyss@skyss.no eller per telefon 55 55 90 70, tastevalg 2 – skoleskyss.

Til foreldre om barn og koronavirus

Kunnskapsdepartementet har laga ei samleside for foreldre til barn i barnehage og skule med informasjon om ulike tema.

På samlesida finn du ein kortversjon av det du treng å vita som forelder i høve koronasituasjonen: Informasjon til foreldre om barn og koronavirus 

Du kan også klikka deg vidare for å lesa meir om dei forskjellige reglane.

Her er lenkje til nokon sentrale tema:

Alt du trenger å vite som foreldre til barn i barnehagen
Alt du trenger å vite som foreldre til elever på barneskole
Alt du trenger å vite som foreldre til elever på ungdomsskole og videregående
Videoer og grafikk om barn og koronavirus

Til føresette om barnehagekvardagen i høve koronasituasjonen

Udir sin rettleiar inneheld nye råd om når ein må vera heime ved sjukdom:

 «Barn og ansatte som har milde luftveissymptomer og sykdomsfølelse skal ikke møte i barnehagen, men holde seg hjemme til allmenntilstanden er god. Barn og ansatte kan komme tilbake til barnehagen når de føler seg friske og feberfri, selv om de fortsatt har noen symptomer på luftveisinfeksjoner.» 

Dersom du har symptom på covid-19 bør du testa deg. Her finn du rettleiing om korleis du kan skilja symptom på covid-19 frå andre tilstandar

Barnehagane i Stord kommune har sett i verk ei rekkje tiltak for å hindra smitte. Trafikklysa med grønt, gult og raudt nivå viser kva for smitteverntiltak som gjeld for dei dei ulike nivåa: Nivåinndeling for smitteverntiltak for barnehagar

Det er smittesituasjonen i Noreg som avgjer kva for nivå me skal følgja. Dersom smittesituasjonen endrar seg, vil me justera rutinane våre i tråd med informasjon frå sentrale myndigheiter. Dei kommunale barnehagane sin beredskapsplan for covid-19 ligg på kommunen si nettside, og vert oppdatert ved behov.

Dei kommunale barnehagane planlegg å invitera til foreldremøte i små grupper i haust.  Nærmare informasjon om dette får de i barnehagen til barnet/a dykkar. Foreldresamtalar vert gjennomført i tråd med smittevernreglar.

Sosiale arrangement/tradisjonar saman med foreldre går ut denne hausten, og vert markert i den enkelte kohort/avdeling.

Det trygt for barn å gå i barnehagen. Me skal framleis gje dei den fysiske omsorga dei treng og syta for at dei opplever tryggleik, kjenner at dei høyrer til og trivst i barnehagen. I tida framover vil me vera ekstra nøye med å sikra godt smittevern. Me er særleg opptekne av:

  • at ingen skal møta i barnehagen dersom dei er sjuke
  • å vaska hender og følgje opp barna slik at dei lærer seg gode rutinar for handvask
  • å ha godt reinhald i barnehagen

Korleis vil barnehagekvardagen vera?

Grønt nivå: 

Barnehagekvardagen vil gå som normalt, men me som arbeider i barnehagen unngår handhelsing og klemming mellom oss vaksne.

Gult nivå: 

Heile avdelingar kan vere samla, og alle barn skal få eit fulltidstilbod i barnehagen. Me vil dela opp uteområdet for å skilja gruppene frå kvarandre. Barna vil ha ein fast tilsett for gruppa si. Me som arbeider i barnehagen, unngår handhelsing og klemming mellom oss vaksne.

På grunn av auka fokus på godt reinhald, har ikkje alle barnehagane kapasitet til å servera mat. Barna i desse barnehagane må difor ha med mat i matboksar.

Raudt nivå: 

Barna vert delte inn i mindre grupper. Det kan henda at me må korta ned på opningstida, og det kan verta naudsynt at foreldra kjem med barna til ulike tider. Me som arbeider i barnehagen, unngår handhelsing og klemming mellom oss vaksne.

Me held god avstand mellom grupper som ikkje samarbeider, og deler opp uteområdet for å skilja gruppene frå kvarandre. Barna er mykje ute.

Barna skal ikkje ha med eigne leiker heimanfrå. Dersom barnet ditt til dømes har ein eigen kosebamse for å sova, kan de ta han med, men det er ekstra viktig at bamsen ikkje vert delt med andre barn i barnehagen.

På grunn av auka fokus på godt reinhald har ikkje alle barnehagane kapasitet til å servera mat. Barna i desse barnehagane må difor ha med mat i matboksar.

Ulike situasjonar som kan oppstå

Dersom fleire tilsette i barnehagane må vera heime frå arbeid samtidig, og ein ikkje greier å få tak i kvalifiserte vikarar, kan fylgjande situasjonar oppstå:

  • Føresette får melding om å henta barnet/a tidlegare enn avtalt
  • Planlagde aktivitetar går ut
  • Justerte/reduserte opningstider
  • Stenging av avdelingar, ev heile barnehagen

Personale skal på no (=gult nivå) i hovudsak arbeida innanfor same kohort/avdeling, og flyttast minst mogeleg. Ved auka sjukefråvær blant dei tilsette kan dette verta vanskeleg om ein t.d. skal unngå at ei avdeling kun har vikarar. Det kan også verta vanskar med å få tak i nok vikarar.

Opprette september 2020.

Kartlegging og nærkontakt ved nye smittetilfelle - kva vert gjort ?

Nytt tilfelle med påvist Covid-19 vert meldt direkte til smittevernlegen i kommunen som tek meldinga vidare. Det vert og informert på heimesida til Stord kommune. Teieplikta set grenser for kva opplysningar som vert gitt.

Tilsette ved Koronasenteret set i gang med kartlegging av nærkontaktar saman med den smitta. Alle som vert definert som nærkontaktar, vil verta kontakta. Dersom du ikkje vert kontakta, men likevel meiner du er nærkontakt til den smitta, bør du halda deg i heimekarantene og ta kontakt med Koronasenteret (telefon 53 49 66 66) for avklaring.

Nærkontaktar er personar som har hatt tett kontakt med ein som er Covid-19 sjuk frå 48 timar før vedkomande fekk dei første symptoma eller då prøve vart tatt og til personen er ute av isolasjon.

Den smitta og dei næraste kring vedkomande vil i dei fleste tilfelle ha god oversikt over aktuelle nærkontaktar.

Oppfølging av smittetilfelle – kva vert gjort ?

Den som får påvist Covid-19 vert isolert (oftast i heimen) og følgd opp av fastlegen vidare. Oppheving av isolasjon seinare vert gjort i samråd med fastlege. Alle nærkontaktar til den smitta skal vere i 10 dagars karantene rekna frå siste kontakt med den smitta. 

Kva gjer du ved nye luftvegssymptom ?

Du skal halda deg heime ved nye luftvegssymptom som t.d. sår hals, hoste og/eller forkjøling. Om dei varer ved eller aukar på dei neste 2 døger, kan du ta kontakt med Koronasenteret for å avtale tid for testing.

Små barn med milde luftvegssymptom kan følgja utviklinga av symptom heime i 2 døgn før ev. testing. Dei kan i visse høve sleppa plaga med testing.

Barn med rennande nase som einaste symptom, treng ikkje testast og kan leve som normalt. Dei kan gå i barnehagen.

Barn < 10 år kan leve som normalt når Covid-19 test er negativ og allmenntilstanden er god. Dei treng såleis ikkje vere symptomfrie før dei returnerer til skule eller barnehage når testen har  vore negativ.

Barn > 10 år og vaksne som testar negativt, skal halda fram med å vera heime til dei er friske att.

Ta Koronasjekken:

https://helsenorge.no/koronavirus/koronasjekk

Stord kommune sin tiltaksplan for avgrensing av smitte blant tilsette

Til tiltaksplan for avgrensing av smitte blant tilsette

Publisert 12.03.20 kl 17.00, oppdatert 11.08.20.

Unntak frå karanteneplikt - arbeidsgjevar ansvarleg for testing

Nasjonale mynde har innført ei endring i Covid-19-forskrifta i høve karanteneplikta.

Endringa opnar for at personar som er busett i, og som kjem til Noreg frå Schengen- og EØS-område for å utføre arbeid eller oppdrag, og som ikkje er frå dei landa som er unnateke karanteneplikt, likevel kan sleppe karantene dersom dei testar negativt på viruset SARS-Cov-2.

Det er arbeids- eller oppdragsgjevaren i Noreg som er ansvarleg for organisering, gjennomføring og finansiering av testing. Dei som ønskjer testing i denne samanhengen skal kontakte den aktuelle verksemda, og ikkje den kommunale koronatelefonen.

Alle bedrifter med bedriftshelseteneste kontaktar si bedriftshelseteneste for å få utført test.

Kommunal koronatelefon og luftvegsmottak vil framleis vere kontaktpunkt for dei som har spørsmål i samband med symptom på mogleg sjukdom og karantenereglar.

Dersom du er sjuk og treng vurdering, skal du kontakte fastlegekontoret ditt.

Forskrift om endring i covid-19-forskriften

Endringar i drifta i Førebyggande tenester

Generelt 

Me oppmodar alle til å fylgja nasjonale smittevernsråd og reglar for karantene/isolasjon og ha omsut for kvarandre i befolkninga i ei, for mange, vanskeleg tid. Følg folkehelseinstituttet sine sider for oppdatert informasjon til ei kvar tid.

Me ber om at alle som har teikn til sjukdom ikkje kjem på besøk til oss, men tek kontakt på telefon til den du ynskjer kontakt med. Her er oppdatert kontaktliste for personar og kontor som arbeider med barn og unge i Stord kommune

Helsestasjon 0-5 år

Skulehelsetenesta 

Er på plass på alle skular, ta kontakt med din helsesjukepleiar om det er noko de lurer på, treng å snakka om eller treng råd om.

Svangerskapsomsorga

Reisevaksine

Me utfører lite reisevaksinering i desse dagar grunna alle restriksjonar og smittevernhensyn. Har du spørsmål ikring dette, eller følgjer eit bestemt program for vaksinering ta kontakt på telefon 480 78 895.

Helsestasjon for ungdom

Ope onsdagar kl 18.00 til 20.00, på helsestasjonen i Myro, Lønningsåsen 9b. Kontaktinformasjon finn du her. 

No er helsestasjon for ungdom godt i gang igjen og det er ope for drop-inn timar igjen. Det er viktig at du kjem åleine og regelen om ein meter avstand gjeld framleis. Hugs at du må vera frisk, og ikkje kan ha symptomer på luftvegsinfeksjon; hoste, sår/vond hals og/ eller feber.

Utekontakten

Ungdomskontakten og SLT- koordinator er å treffe på telefon for spørsmål, ein prat og/eller avklaringar ta kontakt.

PPT

Treng du kontakt med PPT eller har spørsmål ikring pedagogisk psykologisk teneste, finn du kontaktinformasjon her.

Spesialpedagogisk team 

Treng du kontakt med spesialpedagogisk team tak kontakt med einingsleiar på tlf. 92064415

 

Følg oss på Facebook

Me treng DI hjelp

Har du moglegheit å hjelpe til? Me står i ei tid der eigne tilsette er hindra frå å koma på jobb, og det er venta at situasjonen vil tilta.

Me vil ha bruk for helsepersonell og andre som kan tenkja seg å bidra. 

Kan DU bidra? Ta kontakt via sentralbord 53 49 66 00 eller send inn skjema her. 

Korona og små bedrifter

Deler av arbeidslivet i Sunnhordlandsregionen opplever vanskelege tider som følgje av Korona-epidemien. Næringsselskapet Atheno AS vil no utvida tilbodet av rådgjeving til å omfatta bedrifter som opplever slike utfordringar. Selskapet har til dagleg oppgåva med å rådgje i samband med bedriftsetableringar for Stord kommune. Kommunen har no mellombels godkjent at ressursane til dette føremålet vert omdisponerte slik at Atheno AS kan gje ei tettare oppfølging av verksemder som har fått problem som følgje av epidemien.

For meir info sjå vedlagde presseskriv eller www.atheno.no

Les om regjeringa som vil dekka faste kostnadar for å redda arbeidsplassar

Les også at regjeringa gir 50 millioner kroner til kompetanseutvikling for å hindre permitteringar og oppseiingar

Stengde publikumsbygg

Stengte publikumsbygg /tilbod - ta kontakt på telefon  

  • Stord hamn - mannskap og passasjerar som kjem frå utanriksfart
  • SKE bygg Heiane og Leirvik 

Influensa og koronavirus

  • Influensa gjev: hovudverk, muskelsmerter, feber, hoste og «snørr og tårer» (luftvegssymptom). 
     
  • Covid-19 gjev: 
    - Vanlege symtom: 
    feber, tørrhoste, trettheit.
    - Mindre vanlege symptom: verk og smerter i kroppen, sår hals, diaré, augekatarr, hovudverk, tap av smaks- eller luktesans, utslett på huden eller misfarging av fingrar eller tær.
    - Alvorlige symptom: pustevanskar eller andpustenheit, brystsmerter eller trykk i brystet, tap av tale- eller bevegelsesevne.

- Slik me bur og lever så vil dei fleste av oss tola dette viruset heilt greitt. (endring 29.11.20). Nokon (få) kan verta sjukare enn andre og kan trengja sjukehusbehandling. Me må sikra at me er budde på å gje dei skikkeleg hjelp slik at flest mogleg av desse overlever, sier kommunelege Lars Helge Sørheim.

Stord kommune føl opp tilrådingar frå Folkehelseinstituttet og Fylkesmannen. I tillegg er det etablert ei koordineringsgruppa mellom kommunane i området og Helse Fonna.

Det er folk og helsetenesta i kommunane som kan dempa smittefaren og såleis avgrensa utbreiinga og toppen på epidemien.

Folk som får luftvegssymptom eller feber etter nyleg å ha vore på utlandsreise, må reagera på dette. Dei skal halda seg i ro, heime, skjerma andre for smitte og kontakta lege eller legevakta (116 117) på telefon. Slik kan me avklara om det trengst undersøking og avgrensa utbreiinga litt, med tiltak for desse.

Ta først kontakt på telefon !

27.02.20 (på oppmoding sletta 1 setning om rapportar 29.11.20 - LHS)

 

Hygieneplakat

 Skriv ut

Skjema

Dokumenter

Snarvegar
Undersider
Publisert