Du kan også søkja redusert foreldrebetaling for SFO. Les meir om det her. 

Kort summert opp har kommunen ulike ordningar for redusert foreldrebetaling. Du må søkja om dette kvart barnehageår.  Dette kan du gjere elektronisk.

Søk her: Søknadsskjema om gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling  Sjå punkt 6. NB! Du treng ikkje lenger legga ved siste skattemelding. Me hentar dette inn elektronisk.

Søskenmoderasjon treng du ikkje søka om, han vert berekna automatisk.

Maksimalpris

Foreldre skal ikkje betala meir enn maksimalprisen for ein barnehageplass.

Maksimalpris for heiltidsplass i barnehage er frå 1. august 2022 kr. 3 050,-.

Barnehagane kan sjølv bestemme at pris per månad skal vera lågare enn maksimalprisen. Pris for deltidsplass skal vera lågare enn heiltidsplass. Ta kontakt med din barnehage for informasjon om normal pris.

Barnehagane kan krevja betaling for matpengar i tillegg til maksimalprisen. Det vert ikkje gjeve redusert pris i matpengane.

Har du fleire barn i barnehagen?

Har du fleire barn i barnehage i same kommune, vil du ha rett til søskenmoderasjon. Du har rett til søskenmoderasjon uavhengig av om barna går i privat eller kommunal barnehage.

Søsken må bu i same hushald. Søskenmoderasjon vert rekna ut etter kva plasstype det enkelte barn har. Han vert berekna slik:

For første barn må du betala vanleg pris

For barn nummer to får du 30 prosent søskenmoderasjon

For barn nummer tre og oppover får du 50 prosent søskenmoderasjon

Merk at du ikkje treng søkja om søskenmoderasjon. Han vert berekna automatisk.

Har du låg inntekt?

Det er to moderasjonsordningar for familiar og hushald med låg inntekt. Du må søkja om reduksjon i pris. Sjå eige punkt med informasjon om søknaden og søknadsprosessen og krav til dokumentasjon.

Redusert foreldrebetaling

Ingen hushald skal betala meir enn 6 %  av samla inntekt for ein barnehageplass. Hushald med lågare inntekt enn kr 559 167,- har derfor rett til redusert foreldrebetaling etter søknad. Ordninga gjeld både for private og kommunale barnehagar.

Gratis kjernetid

Hushald med lågare inntekt enn kr 598 825,- har rett til 20 timar per veke med gratis opphaldstid (kjernetid). Ordninga gjeld for barn i alderen 2 til 6 år. Ordninga gjeld både for private og kommunale barnehagar og gjeld uavhengig av om du har deltids- eller heiltidsplass. Om nokon har eit tilbod som er 20 timar eller mindre, er tilbodet gratis.

Forklaring på sentrale omgrep

Kva meiner me med hushald?

Med hushald meiner me ektefellar, sambuarar og registrerte partnarar. Med sambuar meiner me to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn.

Bur barnet fast hos begge foreldra (delt bustad), skal betalinga frå foreldra vere berekna ut frå inntekta til den av foreldra der barnet er folkeregistrert.

Kva dokumentasjon må du leggja fram?

Kommunen hentar sjølv inn gjeldande skattemelding. Dersom du har betydeleg nedgang i inntekt i forhold til siste skattemelding, må du senda inn dokumentasjon på dette.

Døme på slik dokumentasjon:

For arbeidstakar:

  • Kopi av dei tre siste lønnsslippane frå arbeidsgjevar. Desse må visa endring i årslønn samanlikna med skattemeldinga
  • Ved nytt arbeidsforhold: kopi av arbeidskontrakt der løn kjem fram
  • Ved permisjon utan lønn skal dette dokumenterast

For sjølvstendig næringsdrivande:

  • Stadfesting frå rekneskapsførar/revisor på forventa årsinntekt
  • Husk: Både personinntekt og næringsinntekt skal takast med i berekninga

For arbeidsledige:

  • Kopi av siste utbetaling frå NAV

For studentar:

  • Kopi av studentbevis eller stadfesting frå skulen om skuleplass
  • Dokumentasjon på overgangsstønad

For sosialklientar/ flyktningar:

  • Kopi av siste utbetaling av introduksjonsstønad/kvalifiseringsstønad
  • Om sosialhjelp/flyktninghjelp er einaste ”inntektskjelde”, skal det liggja føre stadfesting på dette frå sosialkontoret/flyktningkontoret.

Søknaden må innehalde informasjon om kven som er i hushaldet. Sjå definisjon av hushald og sambuar under overskrifta omgrep.

Søknad og søknadsprosess

Kven kan søkja og til kva kommune?

Du kan søkja om redusert foreldrebetaling når barnet ditt har fått barnehageplass. Føresett som søkjer, må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet. Søknad skal sendast til den kommunen kor barnet er folkeregistrert.

Korleis søkjer du?

Du søkjer om reduksjon i barnehageprisen via elektronisk søknadsskjema. Det finn du lenger nede på sida. 

Du kan alternativt senda søknaden til:

Stord kommune v/fagavdeling OUT
Postboks 304
5402 Stord

Kva er søknadsfristen og sakshandsamingstida?

Du kan søkja om redusert foreldrebetaling gjennom heile året, med frist den 15. kvar månad. Søknaden vert handsama dersom gyldig dokumentasjon er vedlagt, og vedtaket vert gjeldande frå påfølgjande månad. Dersom du vil sikra at søknaden vert handsama innan nytt barnehageår, må søknad med gyldig dokumentasjon sendast kommunen innan 1. juni. Dette på grunn av ferieavvikling og opphoping av søknader på denne tida.

Vedtak om redusert betaling vert gitt frå månaden etter søknadsmånaden og ut barnehageåret. Føresette som har behov for reduksjon, må derfor senda inn søknad for kvart barnehageår.

Du kan søkja undervegs i barnehageåret dersom det er vesentleg og varig endring i inntekta. Vesentleg og varig endring inneber stort inntektstap som følgje av langtidsarbeidsløyse, endring i hushaldets samansetning eller liknande årsaker.

Eg klarar ikkje finna ut av dette på eiga hand – kan eg få hjelp?

Stord kommune ved Fagavdeling oppvekst og kultur kan hjelpa deg med søknaden. Du kan ringja oss eller møta oss på rådhuset. Sjå kontaktinformasjon oppe til høgre, eller nedst på sida om du er på mobil.

Om du ønskjer eit møte, må dette avtalast på førehand.