• leiligheit i bufellesskap eller samlokalisert bustad - for personar som har ulike behov for tilrettelegging og støtte frå fagpersonar
  • frittliggande leiligheit som du leiger av kommunen - for personar som kan klara seg med bistand frå miljøtenesten

Kven kan få tilbodet?

Du kan søkja butilbod fra kommunen dersom:

  • du av ulike grunnar ikkje har moglegheit til å skaffa deg ein eigna bustad sjølv
  • du har behov for særleg tilpasning på grunn av funksjonshemming

Slik søkjer du

I søknadsskjemaet gjer du greie for hjelpebehova dine. Me vurderer hjelpebehovet ditt og finn det tilbodet som passar best for deg. Søknadsskjema finn du nedanfor.

Kva skjer etter at eg har søkt?

Etter at du har sendt inn søknaden din, vil ein sakshandsamar ta kontakt med deg for å vurdera behovet ditt.

Kva kostar det?

Du teiknar leiekontrakt med Stord kommune og betalar husleige etter kommunale satsar. Straumutgifter etter avtale. Du kan også søkja om bustønad etter visse vilkår. Les meir om bustønad her.

Klage

Har du klage på vedtak, ta kontakt med Bustadkontoret her.