Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Brukarstyrt personleg assistanse

Brukarstyrt personleg assistanse er eit tilbod om praktisk hjelp til personar med nedsett funksjonsevne. Det at ordninga er brukarstyrt, betyr at du som mottakar får større moglegheit til å styre tenestene og kvardagen sjølv.

Generelt

Brukerstyrt personlig assistanse (BPA) er ein alternativ måte å organisera praktisk og personleg hjelp for deg som har ein funksjonsnedsettelse og som har behov for hjelp i dagleglivet, både i og utanfor heimen. BPA erstattar blant anna hjelp frå heimebaserte teneste, personalet i ein omsorgsbustad eller ein institusjonsplass.

Målet med BPA er å sikra at mennesker med funksjonsnedsettelse får styrka sine muligheter til å leve og bu sjølvstendig, og til å ha ei aktiv og meningsfylt tilvære i fellesskap med andre. Ein BPA-ordning gir deg større fridom til å organisera tenestene du mottar. Du (eller nokon som står deg nær) er arbeidsleier og du styrer ordningen sjølv.

Tenesteomtale

Du har rett til å organisere tenestene praktisk bistand og opplæring og støttekontakt som BPA hvis du

  • er under 67 år, og
  • har behov for tjenester ut over 2 år, og
  • har behov for tjenester i minst 32 timer pr. uke.

Du kan også ha denne rettigheten hvis du har behov for hjelp i minst 25 timer i uka, men ikke hvis kommunen kan dokumentere at det blir vesentlig dyrere å organisere tjenestene som BPA. Det er kommunen som vurderer hvor mange timer du har behov for.

Retten omfatter også avlastningstiltak for foreldre med hjemmeboende barn under 18 år med nedsatt funksjonsevne (helse- og omsorgstjenesteloven § 3-6 nr. 2).

Du har ikke rett til BPA når hjelpen du får krever at det er flere enn én tjenesteyter til stede, eller hvis du har behov for tjenester om natten. Unntaket er hvis du har behov for dette hele tiden

Kva tenester kan organiserast som BPA?

Hjelp til alminneleg eigenomsorg og personleg stell, altså personretta bistand, kan organiserast som BPA. Det same kan naudsynt praktis hjelp til reingjering, praktiske gjeremål i heimen og andre hushaldsoppgåver.

BPA skal kunna brukast både i og utanfor heimen. F eks støttekontakt kan òg organierast som del av BPA ordninga.

Helsetenester er ikkje omfatta av rettigheten til BPA. Men kommunen kan leggja enkle helsetenester inn i BPA-ordninga dersom det er tenleg, forsvarleg og du sjølv ynskjer det.

Dersom du har behov for hjelp til naudsynt trening eller tilsyn på grunn av di funksjonshemming, må lege eller fysioterapaut dokumentera at du har behov for dette.

 

Kva innebær  det  å vera arbeidsleiar?

Å vera arbeidsleiar innebærer at du har ansvaret for den daglege drifta av ordninga. Det kan for nokon opplevast som litt krevjande, men du vil få god vegleiing og opplæring av det firma du vel som tilretteleggjar/arbeidsgjevar/leverandør.

Nokre av oppgåvene du som arbeidsleiar må ta ansvar for er å:

  • definera dine eigne behov
  • rekruttera, tilsetja og læra opp assistantar
  • utøva dagleg leiing ovanfor assistentane
  • sørga for at gjeldande lovar og reglar vert fulgt ovanfor assistentane
  • ha medarbeidarsamtale og personalmøte med assistentane
  • kontrollera timelister, disponera og berekna lønsmidlar/timebruk og driftsmidlar
  • laga stillingsomtale og arbeids- og ferieplanar
  • handtera eigenmelding, sjukemeldingar og permisjonar
  • skaffa vikarar
  • handtera eventuelle konfliktar i arbeidsmiljøet
  • delta på kurs i arbeidsleiing

Vidare må arbeidsleiar :

  • Fylgja opp arbeidsmiljøet, at det er i tråd med reglane om helse, miljø og tryggleik.
  • Det betyr at der det er relevant skal assistenane ha opplæring om og bruk av rett løfteteknikk.
  • Sjå til  at assistentane ikkje blir utsatt for urimeleg fysisk tungt og farefullt arbeid.
  • Tilretteleggja for at alle kan ta i bruk forflytningshjelpemiddel.
  • Sørga for eit godt psykososialt arbeidsmiljø.

Målgruppe

  • Personar med eit samansett og omfattande behov for tenester og som er i stand til å rettleie assistenten (ta arbeidsleiarrolla). 
  • Personar som ikkje kan ta vare på denne rolla sjølv, som personar med psykisk utviklingshemming 
  • Familiar med barn med nedsett funksjonsevne

Kriterium/vilkår

Personar som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie gjeremåla i dagleglivet.

Pris for tenesta


Det kostar det same å ha BPA som om du hadde hatt vedtak om praktisk hjelp i heimen. Kommunen kan krevja at du betalar eigenandel for praktisk hjelp, som ikkje er til personleg stell og eigenomsorg.

Det vil si at du må betale eigenandel for hjelp til husarbeid og reinhald, som for eksempel skifte av sengeklær, vaske klær, rydde, ta inn og ut av oppvaskmaskina og vaska golv, og liknande oppgåver.

Kva du må betala i eigenandel, kjem ann på kor mange timar du har fått innvilga til desse oppgåvene. Det vil stå i BPA-vedtaket.

Samarbeidspartnarar


Du kan velga mellom desse tilretteleggarane som har konsesjon for å levera brukarstyrt personleg assistanse til innbyggjarar som har vedtak på BPA:

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstenestelova og pasient- og brukarrettslova. Sjå blant anna

Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 og § 3-8
Pasient- og brukarrettslova § 2-1a og 2-1d

Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om personleg assistanse, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Saksbehandling

Før saka kan bli avgjort, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærmare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast.Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Kontakt

Tildelingskontoret tlf 53 49 66 00.

Tenesta oppdatert: 04.01.2021 20:09