Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Heimehjelp

Du skal få den hjelpa og tryggleiken du treng, utan omsyn til alder eller funksjonsnivå. Heimehjelp er eit tilbod til deg som framleis vil bu heime, men treng hjelp til reingjering eller handling.

Tenesteomtale

Du kan søkje om heimehjelp dersom du treng praktisk hjelp til reingjering og handling.

Det kan vere hjelp til å bestille hushaldsvarar, eventuelt få desse levert på døra, og hjelp til vask av klede, oppvask og husvask.

Det er kommunen som i samarbeid med deg avgjer kva for tenester du skal få. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime.

Målgruppe


Kriterium/vilkår

Du har krav på bistand dersom du ikkje kan dra omsorg for deg sjølv eller er avhengig av praktisk hjelp for å greie dei daglege gjeremåla.  Du har eit særleg behov for  hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller av andre årsaker. 
 

Pris for tenesta

Dersom heimehjelparen skal bistå deg med personleg stell (toalettbesøk, å stå opp, av- og påkleding, osb.), skal den delen av tenesta vere gratis. Kommunen kan ta eigenandel for annen type praktisk hjelp.

Sjå elles oversikt over avgifter og gebyr

Samarbeidspartnarar


Lover

Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstenestelova. Sjå blant anna helse- og omsorgstenestelova § 3-2. Om betaling, sjå kapittel 8 i forskrift til lov om sosiale tjenester.

Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Kvalitetsforskrift for pleie- og omsorgstjenestene
Forskrift om egenandel for helse- og omsorgstjenester
Verdighetsgarantiforskriften

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om heimehjelp, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.

Søknad om helse- og omsorgstenester finn du til høgre eller lenger nede på sida på mobil.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Du kan også klage til fylkesmannen i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta, utilstrekkeleg eller feil informasjon eller brot på teieplikta.
 
Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.

Kontakt

Tildelingskontoret

Rådhuset
Boks 304
5402 Stord

Tlf: 53 49 66 00

Send e-post 

Tenesta oppdatert: 04.05.2020 21:49