Utleige av Hagerupshuset

Hagerupshuset kan lånast gratis til ideelle lag og organisasjonar som har aktivitetar eller arrangement som er opne for alle. Lag og organisasjonar kan òg leige lokalet til ein rimeleg pris, for aktivitetar og lukka arrangement som berre er for medlemmar. Hagerupshuset kan leigast til lukka arrangement som t.d. årsmøte, konfirmasjonar, dåp, minnestund og liknande. 

Hagerupshuset si historie

Hagerupshuset er frå om lag 1790 og er eit av stadig færre døme på klassisisme på Stord. Hagerupshuset vart i 1848 flytta frå det gamle tunet i Frugarden til Leirvik, der det står i dag. Her starta eigaren, Søren Vincent Hagerup, landhandel og dampskipsekspedisjon. Seinare vart det både postkontor og telegrafstasjon i bygget. Hagerupshuset i Leirvik vart etter kvart liggjande svært sentralt i den tettstaden som voks fram frå andre halvparten av 1800-talet. Huset har hatt mange funksjonar, men var gjennom mesteparten av 1900-talet bustad for familien Hagerup. Stord kommune kjøpte huset i 1982.

Prisar for utleige

Utleigekategori

Pris inntil 3 timar

Pris per time utover 3 timar

Møter ideelle lagkr. 600,-kr. 100,-
Møter private/ firmakr. 1 100,-kr. 150,-
Lukka arrangement2500,- 

LEIGEVILKÅR / LEIGEREGLEMENT

Leigetakar pliktar å setja seg inn i dette leigereglementet og oppslag for rømingsvegar (dette finn du i lokalet). Leigetakar er ansvarleg for å evakuera alle personar i leigde lokale via næraste rømingsveg.

Leigetakar kontaktar Stord kulturhus kiosk/resepsjon for å henta/levera nøkkel. Ved utleige på dagtid kan nøkkel hentast/leverast i Stord rådhus (mellom kl. 10.00 – 14.00). Leigetakar skal sjå til at leigde lokale er klargjort for ny utleige etter bruk. Det vil seie at leigetakar har ansvar for all rydding. Stolar og bord skal setjast attende slik dei var plassert før utleiga. Har ein nytta kjøken/ kjøkenutstyr skal alle benkeflater reingjerast, og alt bestikk, glas e.l. skal vera vaska og satt på plass.

Om leigetakar forlét lokalet ulåst, er leigetakar ansvarleg for alt utstyr som tilhøyrar Hagerupshuset, og er såleis erstatningsansvarleg ved tjuveri e.l. Alle manglar/ feil med utstyr må meldast frå med det same, om ikkje er leigetakar erstatningspliktig.

Ved skade eller tjuveri som gjeld Leirvikstova sitt anlegg/ inventar/ utstyr under utleigeperioden, er leigetakar erstatningspliktig.