For å klaga må du først finna ut om du har skattetakst basert på bustadverdi frå Skatteetaten eller kommunal takst. Dette finn du ut på den elektroniske informasjonen kommunen sender ut før 1. mars i år.
Dei fleste privatbustader har bustadverdi frå Skatteetaten medan næringseigedomar og fritidseigedomar har kommunal takst.
Kommunal takst
Klage vedkomande fastsett eigedomsskatt kan fremjast kvart år i samband med utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.
I klagen må du oppgje eigedomens gards-/bruks-/feste/seksjonsnummer (som du finn på skattesetelen), og gjera greie for kva du meiner er feil i eigedomsskatten for eigedomen.
Klagefrist
Klagen må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå takstane vert lagt ut til offentleg ettersyn.
Klagefrist for 2025 er 12. april.
Klagen må sendast
Send klage via skjema som du finn lenger nede på sida.
Eigedomsskatten må betalast til forfall sjølv om det er sendt inn klage. Dersom klagen blir teken til følgje vil eventuelt for mykje innbetalt eigedomsskatt bli betalt tilbake.
Klagehandsaminga
Eventuell klage vert i første omgang handsama av sakkunnig takstnemnd. Dersom sakkunnig takstnemnd gir klagar medhald, skjer slutthandsaminga her.
Dersom klagen vert teke delvis til følgje, vil klagen med saksvedlegg bli oversendt til sakkunnig klagenemnd, og klaga vil få eit nytt vedtak med frist på tre veker. I klager som ikkje får medhald vert klagen sendt direkte til handsaming i sakkunnig klagenemnd. Klagenemnda si avgjersle er endeleg og kan ikkje påklagast.
Bustadverdi frå Skatteetaten
Vil du klage på bustadverdien, må du sende klagen til Skatteetaten. Endre grunnlaget for utrekning av eigedomsskatt.
Dersom det vert gjort endring hos Skatteetaten får kommunen tilsendt informasjon om dette frå Skatteetaten.