Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Inkluderande læringsmiljø

Inkludering i barnehage, skule og skulefritidsordning (SFO) handlar i stor grad om verdiar, haldningar, handlingar, relasjonar og kultur. Det å oppleva seg inkludert er viktig for barn og unge sin trivsel, læring og livsmeistring. I vår kommune er det å arbeida med inkludering i barnehage, skule og SFO noko som startar når barnet byrjar i barnehagen.

Målgruppa for dokumenta og lenkene du finn i høgremenyen er tilsette i barnehage og skule i Stord kommune, samt føresette og andre som saman bidreg til å skapa inkluderande læringsmiljø for alle barn/ elevar.

Kommunestyret har vedtatt ein strategi som gjeld for barnehagane, grunnskulane, skulefritidsordninga, kulturskulen, vaksenopplæringa og hjelpetenestene for barn og unge i Stord kommune. Strategien rettar seg mot dei tilsette. Du finn planen under Eit inkluderande barnehage- og skulemiljø i menyen til høgre på denne sida.

Inkludering i barnehage, skule og SFO skal vera eit inkluderande fellesskap der vaksne, barn og unge set pris på mangfald og bidreg til samskaping. Det pedagogiske arbeidet ivaretek det einskilde barnet/ den unge sitt utviklingspotensiale, og dei tilsette nyttar varierte metodar.

2 barn leikar i sanden med spade og bøtte