Stord kommune har eit lager av jodtablettar til å dekka barn og unge under 18 år, gravide og ammande. Me har valt å ha desse tablettane i barnehagar, på skular, inkludert på Stord vidaregåande skule, samt på helsestasjonen. I praksis vert det nok slik at  skulane og barnehagane har tilgjengeleg til «sine» elevar og barn, og medan helsestasjonen har til ammande og gravide.

Det er Kriseutvalet for atomberedskap (KU) som avgjer om det skal utdelast jodtablettar. Stord kommune set ikkje slik utdeling i verk sjølv.

Dersom me skulle få ein situasjon der KU gjer råd om å ta jodtablettar, vil rådet gjelde for:

  • barn og unge under 18 år
  • gravide
  • ammande

Ved svært alvorlege ulukker kan òg andre vaksne under 40 år få råd om å ta jodtablettar.

Meir informasjon om dette finn de på Statsforvaltaren si side.

Informasjon om jodtablettar og krigen i Ukraina | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)