Det skal søkjast om installasjon til Stord kommunalteknikk (SKT) etter dei krav som er sett i Kapittel 15 i Forskrift om begrensning av forurensning (Forureiningsforskrifta).

Oljeutskiljar

Verksemder med utslepp av oljehaldig avløpsvatn skal installera oljeutskiljar. Dette for å sikra miljøet mot utslepp og forureining av olja. Jm. forureinsingsforskrifta kappittel 15

Typiske stader kor utslepp med olje kan finna stad:

  • Bensinstasjonar
  • Motorverkstader
  • Bussterminalar
  • Verkstader
  • Klargjeringssentralar for kjøretøy, anleggsmaskinar og understellsbehandling.

Feittutskiljar

Alle verksemder med storkjøkken og næringsmiddelindustri skal installera feittutskiljar. Dette for å hindra tetting av offentleg og privat leidningsnett. Jm. forureinsingsforskrifta kappittel 15A

Typiske verksemder kor utslepp av feitthaldig avløpsvatn kan finna stad er:

  • Ferskvarediskar
  • Gatekjøken
  • Restaurant/kafé
  • Storkjøken

Reglement