Komité for næring, miljø og kultur vedtok 27.02.2008 vassbruksplanen for Storavatnet i Stord - arealbruk, miljømål og forvalting.

Planen tek for seg m.a. status for nedbørsfeltet, bruksinteresser, kjelde til forureining og miljøtilstand. Vidare legg planen fram målsetjingar, tiltak og framdriftsplan.

Hovudmålet med planen er at vassdraget skal oppretthaldast og betrast som eit økologisk viktig naturområde for innbyggjarane i kommunen. Formålet med planen er å vera ei rettesnor for bruken, vasskvaliteten, og forvaltninga av Storavatnet med tilhøyrande nedslagsfelt.

Dette er ikkje ein juridisk bindande plan, men ein plan som skal leggja premissar for forvaltninga av området. Planen vil ikkje regulera områda rundt Storavatnet i ein slik grad at ein ikkje kan halda fram med den aktiviteten/bruken som er der per i dag. Dei gamle grunneigarrettane som er knytt til området rundt/i Storavatnet vil ikkje verta endra.

Samordna vassforvaltning

Som eit resultat av EU sitt vassdirektiv vart vassforskrifta innført i 2010. Med dette følgjer krav til kartlegging og analysering av alle våre vassdrag, innsjøar og kystområde. Storavatnet vil, på lik linje med andre vassførekomstar, få utarbeida miljømål og tiltaksplanar.

Arbeidet med vassdirektivet er no i planleggingsfasen, som går fram til 2015. Gjennomføringsfasen som følgjer skal halda fram til 2021, samstundes som me planlegg for neste fase. Slik skal me med kontinuerlig planlegging og gjennomføring sikra godt vassmiljø i kommunen, fylket og endåtil heile Europa.