Kommunestyret vedtek kvart år ein eigarskapsmelding. Det er viktige verdiar, interesser og samfunnsfunksjonar som vert forvalta i kommunale selskap og føretak. Målet med eigarskapsmeldinga er å drøfte kommunen sine ulike motiv for å oppretta eller å delta i selskap. Vidare å få etablert nokre prinsipp og retningsliner for kommunen si eigarstyring, rammer for utøving av eigarskap i ulike selskapsformer, samt reglar og prosedyrar for politisk og administrativ oppfølging av selskapa.

Les eigarskapsmeldinga her.

Offentleg eigde selskap

Selskap som fell inn under kommunelova § 80 er selskap kor kommunen åleine eller saman med andre kommunar og fylkeskommunar har 100 prosent eigarskap. Desse følgjer nedanfor:

Selskap Stord kommune sin eigardel (prosent)
Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS 4,61
Kommunal Landpensjonskasse GFS 0,24
Krisesenter Vest IKS 10,43
Podlen Verkstad AS 100
Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS 12,50
Stord kommunale eigedomsselskap AS 100
Sunnhordland interkommunale legevakt IKS 55,70
Sunnhordland interkommunale miljøverk IKS 27,75
Sunnhordland lufthavn AS 79

 

Selskap eigd av offentlege og private

Selskapa nedanfor er selskap kor Stord kommune har eigarinteresser saman med offentlege og private, og som fell utanfor kommunelova § 80.

Selskap Stord kommune sin eigardel (prosent)
Atheno AS 13,13
Biblioteksentralen SA 0,26
Dag og Tid AS 0,009
E134 Haukelivegen AS 2,86
Filmparken AS 0,0000055
Hordfast AS 3,38
Huglabutikken AS 10,77
Innkjøp Markedsføring og Salgskjeden AS 1,16
Kinoalliansen AS 4,00
Litlabø-Sagvåg Samfunnshus BA 65,42
L/L Det Norske Teatret AS 0,16
Opero AS 28,03
Orkla ASA 0,00025
Sunnhordland Kraftlag AS 2,138
Sunnhordlandsambandet AS 7,41

 

Medlemsorganisasjonar

Selskap der Stord kommune har deltakarinteresse i form av å vera medlem. Stord kommune betaler medlemskontingent, men har ikkje eigardelar i selskapet:

Film og kino
Friluftsrådet Vest
HOG Energi
KS
KS Bedrift
Landssamanslutninga for nynorskkommunar
Maritime CleanTech
Opplæringskontoret for kommunale fag
Stord Næringsråd
Transparency International Norge
Ungt Entreprenørskap Hordaland

Nettverk og samarbeid